Flesje (Balestrand)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Flesje gard»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Garden Flesje ligg ved sjøen 5 km vest for Balestrand sentrum. Framføre hovudhuset er ei roleg vik og her har det vore poststad og stoppestad for dampbåten. Både Wergeland og Gude har opphalde seg på denne vakre garden med utsyn over Sognefjorden.

Futebustad

I 1692 vart Hans Blix fut i ytre Sogn, og han bygde opp Flesje til futebustad. Blix var fut i Sogn fram til 1702, då han flytta til Oslo. Blix eigde mykje jord både i Leikanger, Vik og Balestrand.

Ei av døtrene til Blix, Anna Cristine, vart gift med prestesonen Peder Leganger frå Vik, som overtok futeembetet og bustaden på Flesje etter svigerfaren i 1706. Sonen Hans Leganger tok over Flesje gard etter faren og var også fut frå 1759 til 1768. I Hans Leganger si tid var det fem bygningar på garden, i tillegg til fleire uthus. Mange av dei er restaurerte av noverande eigar.

I 1772 vart Flesje selt frå buet etter Leganger til Venke Sunde, enkja etter kaptein Nils Sunde.

Offisersgard

I 1774 kjøpte militærkaptein Jacob Gerhard Meidell jr. garden, og ætta hans eigde garden fram til 1951. Familien Meidell vart kalla Meidlane av bygdefolket og høyrde til toppen av den sosiale rangstigen i Balestrand.

Jacob Meidell var sjef for Aurlandske Compagni då han tok over Flesje. Også sonen Christian Gahrup Meidell og sonesonen Tomas Henrik Meidell var offiserar.

Stoppestad

Fram til 1856 gjekk postruta som vart rodd på Sognefjorden opp om Flesje. Andre gardar som var stoppestader på postruta var Måren og Frønningen, og på alle desse budde folk med makt og innflytelse. Både posten og stoppestad for dampskipet vart, etter framlegg i Balestrand formannskap i 1856, flytt til Holmen, det gamle namnet på Balestrand sentrum.

Bakgrunnsstoff