Forside:Nordlandsbanen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Om Nordlandsbanen
Nordlandsbanen er navnet på jernbanelinjen som går mellom Trondheim og Bodø. Nordlandsbanen ble påbegynt fra Hell og ble i første omgang ført fram til Sunnan i 1905, og ble da kalt Hell-Sunnan-banen. Neste skritt ble at banen ble framført til Grong i 1929, ei strekning som naturlig nok fikk navnet Sunnan-Grong-banen. Til Mosjøen kom jernbanen i 1940. Nordlandsbanen nådde Mosjøen like før krigsutbruddet i 1940. Mosjøen stasjon ble offisielt åpnet av den tyske okkupasjonsmakten. Okkupasjonsmakten påskyndet av militære grunner anleggsarbeidet. Tvangsarbeidere, og herunder krigsfanger, ble satt til å videreføre banen. Nordlandsbanen var i 1943 kommet til Grønnfjelldalen i Rana.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Vaktarboligane på Semska.
Foto: Olve Utne (2010)
Semska stasjon, tidligare Saltfjell stasjon, er ein tidligare jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Semska (pitesam. Sæmmsá, ‘våtmark’) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonsbygninga er riven i dag, men dei tre vaktarboligane står enno og er i privat eige. Stasjonen grensar til Semska–Stødi naturreservat (på austsida av jarnbanesporet) og den tidligare Krokelva fangeleir (kring 300 meter nordafor stasjonen).   Les mer …

Lønsdal stasjon i mars 2010.
Foto:  Olve Utne
Lønsdal stasjon er ein jarnbanestasjon mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Lønsdal (pitesam. Luonos el. Luonosvág’ge) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Semska stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonen var endestasjon for Nordlandsbanen fram til 1. desember 1955, da banen blei forlenga fram til Røkland.   Les mer …

Den tidligare Kjemåga stasjon.
Foto: Olve Utne
Kjemåga stasjon var ein jarnbanestasjon mellom Lønsdal stasjon og Rognan stasjonNordlandsbanen. Stasjonen fikk namn etter elva Kjemåga. Denne stasjonen, så vel som Trettnes stasjon, Rusåga stasjon og Røkland stasjon, blei opna torsdag den 1. desember 1955 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Lønsdal til Røkland. Kjemåga stasjon vart nedlagt onsdag den 1. desember 1971.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesam. Båldno, lules. Bållná) i Rana kommuneHelgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …

Søjjdden på Stødi.
Foto:  Bjørn Utne
Stødi er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi ligg ved det høgaste området, kring 700 moh., av fjellpasset mellom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Aust-søraust for Stødi ligg toppen Sváńgavárre (904 moh.) nærmast, og austom denne att Sváńga (Svangsfjellet) mot grensa til Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige. Vestom passet ligg Bolnatind (1389 moh.). Frå gammalt av er Stødi særlig kjent for sæjjden — ein samisk offerstad som var i bruk fram til innpå 1800-talet. Frå 1947 til 1949 var det haldeplass på Nordlandsbanen her, og frå 1950 til sommaren 1967 hadde Stødi status som jarnbanestasjon. Rett nordom stasjonsområdet og austom jarnbanelina ligg Semska–Stødi naturreservat, som blei etablert i 1976.   Les mer …

 
Eksterne ressurser
 
Kategorier for Nordlandsbanen
ingen underkategorier
 
Andre artikler