Fræna sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fræna sogelag held til i Fræna i Hustadvika kommune. Laget, som vart skipa 4. mars 1981, har som føremål å vekke interesse og skape forståing for bygda si historie. Det er medlem av Landslaget for lokalhistorie.

I 2019 hadde sogelaget 60 medlemmer.

Hovudaktivitetar

Hovedaktiviteten har vore å samle inn gamle stadnamn, samle inn bilde og historier frå bygdene. Laget driv òg med registrering og tek vare på kulturminne. Dette har vorte formidla til publikum gjennom bildeframsyningar. Laget har dessutan kultuminnevandringar fleire gonger i året.

Fræna sogelag arrangerer turer og julebord saman med dei andre sogelaga i Fræna. Laget gir ut Gammalt frå Fræna i samarbeid med Bud sogelag, Hustad sogelag og kommunen.

Laget har mange digitale bilde, og mykje blir lagra og digitalisert hos Romsdalsmuseet. Sogelaget har laga videoar om kornet, frå jord til bord. Det har restaurert eit over hundre år gammalt naust/skipsekspedisjon.

Fræna sogelag bidrog i 2008 til innkjøp av eit mobilt sagbruk i Ukraina. Laget har òg løyvd pengar til oppussing av et minnesmerke i Ukraina over falne under andre verdskrigen.

Leiarar

  • Arve Hammerøy, 1981-1983
  • Sigbjørn Bakke, 1983-1987
  • Niels Juel Dreier, 1987-1991
  • Kåre Tornes, 1991-1995
  • Ottar Ødegård, 1995-1999
  • Edvin Rødal, 1999-2003
  • Magnar Husby, 2003-2006
  • Niels Juel Dreier, 2006-2008
  • Ole Arne Aas, 2008-2012
  • Steinar Helseth, 2012-2020

Marius Sandvik var pådrivar for å starte sogelag i dåverande Fræna kommune. Han var ivrig med å få tak i kjelder frå Statsarkivet og Riksarkivet som vart kopiert og omsett til moderne norsk.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer