Frank Kjøde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Frank Kjøde (fødd 18. mars 1953 i Ålesund) er ein tidlegare redaktør og tillitsvald i presseorganisasjonar, med base i Sykkylven. Frank Kjøde vart fødd i Ålesund, men familien flytta til Sykkylven i 1958 etter at faren, Jonar Kjøde, hadde starta Kjødes Frisørsalong i 1954.

Frank Kjøde vaks opp på Vik i Sykkylven, og var i barne- og ungdomsåra aktiv med på fotball og alpint i Sykkylven Idrottslag. Han var elles med som speidar under leiing av legendariske, Peter K. Thoresen.

Etter militærteneste ved Ørland flystasjon og Værnes flystasjon i 1972, arbeidde Frank Kjøde i fem år i politi- og lensmannsetaten ved ulike lensmannskontor og politistasjonar på Sørlandet og Austlandet. I 1977 flytta han heim til Sykkylven, for å ta til som distriktssjef i Gjensidige Forsikring, ei stilling han hadde fram til 1982.

Starta ny avis

Saman med Åge Eikrem starta Frank Kjøde avisa Bygdeposten for Sykkylven i august 1981. Avisa vart fusjonert med Sykkylvsbladet i juni 1982. Frank Kjøde heldt fram som redaktør og dagleg leiar, medan Åge Eikrem vart marknadssjef. Dei to tok etter kvart over som eigarar av Sykkylvsbladet, og dreiv avisa fram til Sunnmørsposten kjøpte Sykkylvsbladet 1. januar 2021. Frå same tidspunkt vart Sykkylvsbladet fusjonert saman med Sunnmøringen, og ny avis vart etablert under namnet Nyss. Sykkylvsbladet vart kåra til Årets lokalavis i 1993. Frank Kjøde slutta som redaktør i Nyss 1.12.2021 etter nådd pensjonsalder.

Trykkeri

Sykkylvsbladet kjøpte Cylindertrykk AS av Eldar Bergmann i 1990. Frank Kjøde fekk det daglege ansvaret. Cylindertrykk kjøpte verkstadhallen til Thoresen Mek. Verkstad. Ny rotasjonspresse vart installert for å trykke lokalaviser, og det vart også investert i fleire maskiner for trykking av sivile trykksaker. Trykkeriet hadde eiga grafisk avdeling, og salsavdeling. Cylindertrykk vart avvikla 1.1.2003.

Frank Kjøde var også dagleg leiar i avisselskapet Sunnmørsavisene AS som var medeigar av Sykkylvsbladet, Sulaposten, Øyblikk og Cylindertrykk.

Aktiv i avisorganisasjonar

Frank Kjøde var aktiv med i styret for Landslaget for Lokalaviser (LLA) i ti år, og var styreleiar i perioden 1997-2000. Han har vore medlem i Norsk Presseforbund, og sat som styremedlem i Statens lånekasse for aviser, og i kontaktutvalet mellom staten og pressa, og mellom Posten og avisutgjevarane. Frank Kjøde fekk LLA sin heiderspris for 1999. Han var med på skipinga av Møre og Romsdal Redaktørforening i 1989, og sat som styremedlem i det første styret.

Andre verv

Frank Kjøde var aktiv med i Venstre på slutten av 1970-talet, var leiar i Sykkylven Venstre i 1980, og var 1. varamedlem for Venstre i Sykkylven kommunestyre i perioden 1979-1983, og sat i denne perioden i kulturutvalet. Frå 1977 var Frank Kjøde med i ulike grupper som alpin, hopp og fotball. Han gjekk i brodden for bygging av tre nye hoppbakkar i Blindheimsløypa, der det også vart investert i nytt lysanlegg, skitrekk og varmestove. Han var styreleiar i Sykkylven IL- frå 1981 til 1986. Frank Kjøde var også styreleiar i Aure skulekorps på 1990-talet.

Frank Kjøde var med å skipe Lions Club Sykkylven i 1982. Han har vore president i Lionsklubben. Han har vore medlem i Odd Fellow Ordenen sidan 2000. Frå 2000-2019 var Frank Kjøde styreleiar i Haugneset Vel, og frå 2011 til 2020 var han styreleiar i Sykkylven Handelsforening, og han har elles vore aktiv med som arrangør av Sykkylvsdagane, frå starten i 1981 og i fleire år fram til 2023.

Frank Kjøde har hatt sterke band til Stadlandet der han hadde eit småbruk. Han nyttar seg også mykje av hytta på Gimsdalen.

Frank Kjøde er gift med Torunn Vik. Han har tre barn og to bonusbarn, og fem barnebarn.

Kjelder og litteratur

  • Eldar Høidal: Sykkylvsbladet. Lim og lupe i lokalsamfunnet. Sykkylven 2006.