Fredheim (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fredheim (Fyresdal gnr. 36/1/10) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal kommune som har adresse Folkestadgata 13. Denne er skild ut frå Fyresdal prestegard (Fyresdal gnr. 36/1).

Olav Såvison Nyli (1866-1951) var blikkenslager og fekk i 1907 feste på ei tomt på Prestegarden i 35 år for 12 kroner årleg leige. Ein ny kontrakt vart tinglesen i 1922 då Olav fekk feste på 403m2 tomt av Prestegarden i 99 år frå 1907 mot årleg 20 kroner. Han bygde huset i 1907, tømra hadde vore gamal stove og skule på Kiland (Fyresdal gnr. 25).

Olav S. Nyli var styrar for Fyresdal telefonselskap (1899-1936) og ein framifrå handverkar, mekanikar, snikkar og røyrleggar, i det heile ein "altmuligmann". Han hadde eigen verkstad på tomta og i 1930åra var her postkontor. I tillegg var han ein særs dugande fotograf og har etterlete seg ei lang rekke uvurderlege og interessante fotografi.


Biletgalleri


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.