Fredrik Havig

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Havig.
Foto: Henta frå Norderhov (1914)

Christian Fredrik Nergaard Havig (fødd 13. oktober 1855 i Namsos, død 30. august 1927) var jurist og venstrepolitikar. Han var son av lensmann Christian Møinichen Havig (1825-1912) og hustru Dothea Carstine, fødd Nergaard. Han vart gift i 1887 med Emilie Mo (f. 1867) frå Vefsn.

Havig vart cand.jur. i 1878. Frå 1879 til 1883 var han konstituert sorenskriver i Nordre Gudbrandsdalen, og deretter fulgte tre år som sakfører på Kongsberg. 1885–1886 var han ordfører på Kongsberg. 1886–1896 virka han som sakfører i Mosjøen.

Havig var sorenskrivar i Lofoten 1898-1909 (med bustad i Kabelvåg), og på Ringerike frå 1909. I folketeljinga 1910 er han og kona Emilie busett i Schjongs gate 8 på Hønefoss.

Han var stortingsmann for Nordlands amt 1892–1900 og 1903–1909. For stortingsperioden 1913-1915 var han suppleant for Hønefoss og Kongsberg.

Kjelder og litteratur