Furesundet handelsstad
Furesundet handelsstad var ein handels- og gjestgjevarstad i Kinn kommune. Den låg på Furøya, midt i leia sørvest av Florø.
Den første som er nemd som gjestgivar her er Nils Andersen Foss i 1687.
Rundt 1739 tok paret Jens Mogensen Bloch og Kirsten Egede over plassen. Etter dei dreiv Kirsten si dotter Gidsken Kristine Søblad og hennar mann Hans Peter Diche vidare.
Våningshuset brann ned til grunnen i 2010.
Kjelder
- Stavø, Grete. "Furesundet Gjestgjevar- og handelstad" i Flora-minne. Florø. 2011. Digital versjon på Nettbiblioteket.
| Artikkelen Furesundet handelsstad er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |