Gamle ord i nye spor

Gamle ord i nye spor er eit prosjekt i regi av Lillestrømbibliotekene som er støtta av Nasjonalbibliotekets utviklingsmidler for bibliotek. Prosjektet har som delmål å «utvikle en digital lokalhistorisk avdeling i Lillestrømbibliotekene der innholdet formidles ut til publikum i samspill, samskaping og i nye sammenhenger». Delmål består blant anna av å utvikle nye formidlingsmetodar for lokalhistorie og utvide informasjon og innhald på Lokalhistoriewiki.

Delprosjekt og arrangement

Kurs i Lokalhistoriewiki

Det blei arrangert kurs i bruk av Lokalhistoriewiki 5. mars 2024 og 8. oktober 2024. Kursa har blei gjennomført i samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt, samt lokale bidragsytarar frå Kjellerhistorien-prosjektet.

Lokalhistorisk skrivestove

Skriveverkstad for lokale bidragsytarar på Lokalhistoriewiki blei arrangert i mai, august, september, oktober, november og desember 2024, kvar gang på forskjellige avdelingar i Lillestrømbibliotekene.

Lokalhistorisk Jazzkonsert

Jazzkonsert og foredrag på Lillestrøm kultursenter i amarbeid med Lillestrøm jazzklubb og foredragsholdar Morten Robert Gray. Musikalsk bridrag frå Bodil Niska, med forteljingar om livshistoria til den norske jazztrommisen Pete Brown, som hadde familie frå Liberia og vaks opp i Lillestrøm.

Digitalisering av videomateriale

På Strømmen og Fetsund bibliotek fantes det ei samling med VHS-kassettar frå 1980-, 1990- og 2000-talet. Desse innehaldt materiale av stor lokalhistorisk verdi, og som med stort sannsyn ikkje er å oppdrive i andre format eller i andre samlingar. Det blei avgjort at dette materialet måtte etter beste evne bevarast digitalt med så god gjengiving som mogeleg. Det blei kjøpt og henta inn utstyr til å digitalisere videokassettar frå biblioteket si samling. Av interesse for å utforske nye metodar og med omsyn til utgifter blei det kjøpt inn spesialutstyr bygd på open kjeldekode. Metodane byggjer på prosjekta Domesday86 og VHS-decode.

Lokalhistorisk kino

Framsyning av digitalisert materiale frå biblioteket si videosamling. Første arrangement var på Fetsund bibliotek 20. januar 2026.

Lokalhistorisk manga

Den lokale manga-kunstnaren Johannes «Joiski» Engøy vart engasjert til å skape ein manga-teikneserie om Slaget ved Nitja i 1022. Lansering og utstillingsåpning blei markert 12. januar 2026 saman med Japans ambassade, Japan-Norway Society og representantar frå kommunen.

Referanser

Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Koordinater: 59.9546202° N 11.0424555° Ø