Gamlegata (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamlegata sett vestover frå Ketil Skogens veg.
Foto: Roy Olsen (2018).
Gamlegata sett austover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Gamlegata sett austover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Gamlegata sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2018).
Gamlegata sett austover.
Foto: Roy Olsen (2018).
Gamlegata sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2018).

GamlegataGvarv i Midt-Telemark kommune går frå krysset med Skrivarvegen og Ketil Skogens veg til Gvarvgata og er 722 meter lang.

Gata blei offisielt namnsett i 1999. Frå 1850 og fram mot 1900 blei gata, som seinare fekk namnet Gamlegata, forma. Det var her tettstadutviklinga starta, og dette var hovudgata fram til Gvarvgata blei anlagt kring 1960. Midt på 1800-talet opna den første landhandelen, og sidan kom butikkar, handverkarar og anna verksemd i tur og orden: meieri, bakar, bank, apotek, skreddarar, smedar, skule, hotell, gjestheim og mykje anna. Gamlegata har den eldste busetnaden på Gvarv.

Torkild T. Gunnheim (1845–1911) har betydd mykje for utviklinga av tettstaden. Han kjøpte tomter på Gvarv og sette opp gamle tømmerhus som han henta frå bygdene rundt. Dei blei påbygde, modernisera og fekk utvendig panel. Gunnheim tok også initiativ til oppstarting av meieridrift med smør- og osteproduksjon. Meieriet heldt til i tre forskjellige bygningar før verksemda blei flytt til Notodden.

I 1922 opna Sørlandsbanen fram til Gvarv, og det fekk store følgjer for staden, som endra karakter. Gods- og persontrafikken blei for ein stor del flytta over til jernbanen, og båtane slutta å anløpe Gvarv brygge. Bø tok etter kvart over som handelsstad og trafikknutepunkt. Butikkane på Gvarv i dag ligg langs Gvarvgata, Riksveg 360. I Gamlegata er berre bakeriet att.

Utviklinga i Gamlegata har stått stille sidan førre århundreskifte. Gata har bevart sitt gamle preg som fortel om Gvarv si historie. Dei fleste av dei gamle bygningane, bygd i sveitser-, jugend- og senempirestil, er godt bevarte og i bruk som bustadar. Busetnaden er heilheitleg, og det er mykje snikkarglede og frodige detaljar å sjå.

På 1980-talet var det ein stor diskusjon om nyutvikling og modernisering, og Gamlegata sto i fare for å bli rasert. Da blei det heldigvis, med utgangspunkt i lokalt engasjement, utvikla ein bevaringsplan for å sikre og ta vare på miljøet og dei gamle bygningane.

Eigedomar

Nr. Bilde Om eigedomen
3
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/194, «Lindbo II».
4
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/272

Firemannsbolig.

5
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/63, «Sole».

Sett opp i 1884. Landhandel, posthus, folkeboksamling og bustad. Dronning Sonjas oldemor Hanna Andrea Nielsen budde her som enke tidleg på 1900-talet.

7
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/252, «Næs Forbruksforening».

Oppført som handelshus i 1870 for Næs Forbruksforening.
Ombygd til sveitserstil i to høgder i 1895.
Landhandel til 1956.
Kunstnarhus frå 1986 til 2018.

8
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/274, «Kornmagasinet».
Blei sett opp som kornmagasin på Skrivarmoen i Nesherad i 1852. Etter kvart hadde kornmagasinet utspilt si rolle. Sparebanken tok over rolla til magasinet, og det blei vedtatt i kommunestyret 11. april 1867 at kornmagasinet i Nes skulle avviklas. Korn, hus og inventar skulle seljas, og salssummen gå til grunnfondet for sparebanken. Magasinet blei selt på auksjon til sorenskrivar Holm for 67 specidalar. I 1873 kjøpte Nes Forbruksforening bygningen og flytta han ned i Gamlegata der han står no. Bygget blei brukt som korn- og mjølbu av forretningen til denne blei lagt ned på 1990 talet.
9
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/31, «Opheim».
10
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/152, «Strandli II».
11
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/32, «Gvarvtun».

Utskilt fra bnr. 10, Lunden nordre i 1910.
Det opphavelege huset med Knut Sandaakers bokhandel og kaffistove brant ned til grunnen 29. januar 1926.
Torgeir Holtan kjøpte tomta i 1931.
Sverre Sanni kjøpte eiendommen av Torgeir og Ingeborg Holtas arvinger i 1976.

12
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/27, «Solvang».

Opphaveleg tømre frå Neset under Leikvang flytta hit av Olav Olsson Neset i 1905. Gvarv Privatbank hadde tilhald her frå 1918 til 1937 da banken blei avvikla. Sidan forretning og bustad.

13
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 77/25, «Trudvang».
14
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/50, «Apotekergården».

Døme på eit bygg i jugendstil i Gamlegata. Bygd som apotek i 1916–17 av apotekar O. Saugestad. Apotek til slutten av 1960-talet, deretter bustad.

15
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 77/17, «Garmo», «Enggravhuset».

Manufakturforretning og bustad bygd ca. 1900. Eivind Enggrav (1885–1965) dreiv saman med sonen, Olav, skredderi, systove og manufakturforretning frå 1914 til 1952 med opp mot 36 tilsette (sjå også nr. 22). Seinare var her forretning, posthus og bustad.

16
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/55, «Sole».
Oppført i 1935.
17
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 77/22, «Mo».

Huset blei sett opp av Hans Laskemoen i 1925. Opprinnelsen til huset var ei lita eldre stuge som han flytte frå Røte på Roteberga i Bø. Han bygde på den gamle tømra og dreiv skysstasjon og kafé her, og i 1920-åra var det dansetilstelningar i andre etasje. I 1930 kjøpte Andrea og Olav Knutsen eigedomen og dreiv landhandel og mjølkeutsalg. Sonen Gregert dreiv transportfirma her, og butikken blei seinare overtatt av han og kona, Aasta som dreiv mjølkeutsal og kiosk fram til slutten av 1970-talet. Sidan har huset vore bustad og atelier. Bygningen fekk etter kvart fleire elementer av empirestil.

18
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/60, «Moheim».
19
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 77/65.
20
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/18, «Lyheim».
21
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 77/8, «Vonheim».

Hus i sveitserstil sett opp i 1885 av Wilhelmine Holmboe. Distriktslege Jens C. Holmboe overtok i 1894. Her var legekontor fram til 1934, sidan bustad.

22
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/19, «Enggrav», «Bakeriet».

Lokale for Enggravs systove (sjå nr. 15). Frå kring 1960 blei det, etter oppføring av eit tilbygg, bakeri med utsal her.

23
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/36, «Gvarvmoen», «Gjestheim».

Sett opp i 1896 i sveitserstil. Fyrste høgda var ei 300 år gamal tingstove henta frå Nedre Holtan. Her blei det opphaveleg drive privat middelskule. Det var sidan meieri og butikk, men frå 1926 var det hotelldrift her til ut i 1970-åra. Fram til etter krigen var dei delvis sjølvforsynte her, med to kuer og dyrka mark ned mot elva. Huset var sentralt i kunstnarmiljøet kring Erik Werenskiold frå tida hans på Gvarv.

24
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/52, «Solberg», «Aaraashuset».

I 1925 fekk skreddar Hans Nilsen skøyte på eigedomen. Enka hans, Anne Næsland Nilsen, selde eigedommen til Tollef Aaraas i 1946, og han dreiv Aaraas Fiskeforretning her. Huset har og vore bruka som systugu og skreddarverkstad av Eivind Enggrav og sonen Olav. Her på tomta stod og ei smie i mange år. På den staden sette Aaraas opp ein kiosk.

26
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/76, «Furuly», «Johansens bakeri».

Sett opp i 1908 av Isak Johansen som bakeri og bakeriutsal. Var i drift her fram mot 1960, da dei flytta til Gamlegata 22. Sidan har huset vore bustad. Her er ein eigedom typisk for Gamlegata, med stor tomt og uthus og butikk ut mot gata.

27
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 77/29, «Moen», «Moenstugo».

Husmannsplass og bustad. Eldste hus i Gamlegata. Bygd opp i 1865 av ei tømre flytta frå Østmarka under Håtveit av Hans Hansson Ibsen. Til staden høyrde tidlegare dei næraste områda egna til beite for kuene dei hadde på plassen.
Rive i september 2019.

28
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/25, «Moheim», «Lundevall».

Bustadhus.

33
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 77/1/1, leigetomt under Lindheim søndre.

Her var det bokhandel og kortevareforretning.

34
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/39, «Gvarv».

Johs. Haugen landhandleri. Bustad.

36
Foto: Roy Olsen (2018)
Samme eiendom som 78/39, «Gvarv».
38
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 78/48, «Gvarv hotell».

Hovedhuset er ei tømre som Torkild T. Gunheim henta frå ein av Haukvikgardane på Akkerhaugen kring 1890. Han utvida seinare bygningen og leigde ut til Jacob og Caroline Nilsen frå Porsgrunn som dreiv Gvarv Hotell her. Sidan var det i mange år tannlegekontor, og etter det har det vore bustad.

40
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/216
42
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/215, «Skogheim».
44
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 78/212
46
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 75/41, «Skogtun».
48
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 75/30, «Øyestad».

Tidligere uten nr.

50
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 75/38, «Seim».

Tidligere nr. 48.

52
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 75/12, «Farstad».

Tidligere nr. 50.

54
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 75/43, «Farstad III».

Tidligere nr. 52.

56
Foto: Roy Olsen (2018)
Gnr. 75/42, «Farstad II».
Næringsbygg

Kjelder


Koordinater: 59.38863° N 9.17990° Ø