Giovanno (Johan) Basso
Giovanno (Johan) Basso var fødd kring 1838 i Italia og døydde 30. januar 1913 i Lesja. Giovanno Basso kom til Lesja som «ein framand fugl» ein gong før 1890 og tok inn hos ei ugift plassjente, Guri Bjertesd. på Plassbakken eller Røst i ålmennningsområdet Åsen mellom Avdem og Lyftingmo. I bygda vart fornamnet hans fornorska til Johan. Han og Guri budde saman utan å vere gift, noko som skal ha vore til ein viss irritasjon i bygda.
Etter bygdetradisjonen hadde Giovanno vore soldat i den italienske hæren. Han skal ha desertert etter å kjempa i det verdskjente, blodige slaget ved Solferino i 1859. Deretter skal han ha flakka rundt i Europa, m.a. i Russland, til han kom til Lesja og slo seg ned her.
Første gong vi finn Basso knytt til Lesja er i folketeljinga 1891. Basso var katolikk i følgje folketeljinga 1900. Som vi ser varierer fødselsåret hans frå 1838 i 1891 til 1865 i 1900 . Det siste må vere heilt feil. I kyrkjeboka ved dødsfallet i 1913 ved står det 1829, men vanleg kjeldekritikk tilseier at 1838 nok er det mest sannsynlege.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn s. 528f.
- Hole, Hans 1984: Basso. Årsskrift for Lesja historielag s. 43.
- Gotaas, Thor 2002: Lirendreiere og lurendreiere. NFL/Aschehoug.
- Slaget ved Solferino på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Johan Basso i folketeljinga for Lesja 1891 fra Registreringssentral for historiske data.
- Johan Basso i folketelling 1900 for Lesja herred fra Digitalarkivet.
- Basso Giovanni i folketelling 1910 for Lesja herred fra Digitalarkivet.