Gjert Olsen (1812-1888)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gjert Olsen (1813-1888)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjert Olsen (født 28. juni 1812 i Fåberg, død 4. juni 1888 i Joinville) var arbeidar og utvandrar. Han var ein av dei 106 som drog ut 1850 frå Trondhjem for å grava gull i California, men enda i staden med å busette seg i den tyske kolonien Joinville i Brasil.

Frå Fåberg til Støren

Gjert Olsen vaks opp på husmannsplassen Mortenstugua under Kirkerud i Fåberg, og var son av Mari Hansdotter (født kring 1771) og skomakar Ole Jensen (født kring 1765).[1] Ein gong før 1838 flytta han til Støren i Gauldalen (no Midtre Gauldal kommune), for 22. mars det året vart han gift i Støren med Maren Hansdotter Løsneshagen (1815-1905) frå Fåvang i Ringebu.[2] Gjert arbeida som maskinmeister, mens Maren vart fyrste jordmora i Støren. Dei budde på Skålvollbakken av Skålvoll, som òg har vorti kalla Jordmorbakken etter henne.[3]

På jakt etter gull

I 1850 var utvandringa frå Norge til Amerika godt i gang sønnafjells, men ho hadde nesten ikkje råka Trøndelag. Men dette året vart ein ekspedisjon av Trondhjem utrusta for å grava gull i California, der det var funni gull to år tidlegare. Ein av dei var Gjert Olsen, som må ha gjort seg klar til å reise alt sommaren det året – han fekk nemleg ein attest frå kyrkjesongar Lars A. Nordtømme, vitna av grannane O. H. Skaarvold og Knut Olsen Skaarvold og signert 3. juni 1850:

Da Maskinmester Gjerth Olsen Skaarvold, omtrent 31 Aar gl., agter at blive Reisekammerad til Californien i Sommer, saa skulle vi på Forlangende bevidne, at bemeldte, der har været vor nærmeste Naboe i Længere Tid, er en ordentlig, edruelig og characterfast Person, i enhver Henseende, derhos en særdeles duelig og indsigtsfuld Arbeider i flere Retninger, samt af en god Helbred; hvorfor vi ansee ham for særdeles qvalificeret til den paatænkte Reise, og tilønske vi ham Herrens bedste Velsignelse til hans Foretagende.[4]

Han fekk òg ein attest frå soknepresten i Støren, Christian Bernstorff Bødtker, som fortel at Gjert hadde mista synet på det eine auget, men at dette ikkje hindra han i arbeidet.[5] Gjert Olsen drog ut med skuta «Sophie» 26. oktober 1850, saman med 105 andre håpefulle gullgravarar, alle menn, og dei fleste av dei trøndarar.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro, som på den tida var hovudstaden i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennene sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli kolonistar lenger sør i landet, eit tilbod 74 av de 106 nordmennene slo til på. Da dei kom til den nye kolonien som med tida skulle bli byen Joinville, valte 13 av dei å reise heim med den norske skuta «Colon», som hadde brakt tyske og sveitsiske kolonistar dit. 61 nordmenn valte å bli, og vart skrivne inn i den lokale lista over innvandrarar.

Nybyggjar i Joinville

Gjert Olsen var mellom desse 61. Dei fleste av dei vart verande berre kort tid: Somme drog alt etter nokre veker, somme vart verande eit par år, men Olsen var mellom dei få nordmennene som vart buande i Joinville. Sjølv om han alt var gift heime i Støren, gifta han seg på nytt med Maria Anna Fischer (1835-1893), som hadde innvandra frå Schaffhausen i Sveits saman med foreldrane sine.

Ifylgje barnebarnet Rodolpho J. Olsen var Gjert Olsen flink med trearbeid, og var med på å byggje fleire hus og andre byggverk i den unge kolonien, mellom anna bruer, sagbruk og den fyrste mølla til å utvinne arrowrot frå kassava. Saman med to av sønene var han òg med på å byggje den fyrste katolske kyrkja i byen.[6]

Gjert Olsen døydde 4. juni 1888, nesten 75 år gammal. Han etterlèt seg fleire born og barneborn både i Norge og i Brasil, og har mange nolevande etterkomarar i båe land den dag i dag.

Etterkommarar

Gjert Olsen og Maren Hansdotter Løsneshagen fekk iallfall fem born:[7]

  1. Henrik Magnus, født 1837, handelsbetjent i Støren, utvandra til Amerika i 1881.
  2. Ole, 1842-1847.
  3. Johannes, født 1846, til Hammerfest i 1870.
  4. Edvarda, født 1847, flytta til Bodø.
  5. Christine, født 1849, gift med Emil Ferdinand Persen Øvergaard frå Hamar, to born.

Olsen og Maria Anna Fischer fekk iallfall seks born: [8]

  1. Olaf, født 1857.
  2. Maria (Anna), født 1860.
  3. Bernard, født 1860, gift med Maria Ritzmann, sju born.
  4. Georg Johannes Adolf, 1865-1950, gift med Maria Magdalena Ritzmann (1865-1953), elleve born.
  5. Gustaf Magnus, 1869-1951, gift med Maria Baumer (1867-1954), seks born.
  6. Isach Gustaf Eduart, 1874-1946, gift med Anna Lintsmayer (1886-1934), tolv born.

Noter

  1. Smestad og Rønningen, side 281.
  2. Kvernflaten, side 76.
  3. Aune, side 34-35.
  4. Sitert i Larsen Lund, side 75. Originalen finnes i Arquivo Histórico de Joinville.
  5. Larsen Lund, side 75.
  6. Fredrik Larsen s. 76
  7. Aune, side 35.
  8. Slektssida åt familien Olsen i Joinville.

Litteratur og kilder