Glesvær
Hopp til navigering
Hopp til søk
Glesvær og fiskeværet Glesholmen høyrer til tettstaden Glesnes i Øygarden kommune i Vestland fylke, lengst sørvest på øya Sotra. Glesvær er ein gamal handelsstad med røter attende til 1600-talet. Mange turistar finn vegen til staden, der dei mellom anna kan leige rorbu. På Holmakaien tek Glesvær kafé og restaurant imot vitjarar sju dager i veka.
Fyrste ledd i namnet er som i gardsnamnet Glesnes. Det tyder det same som glas, det vil seie 'noko skinande'. Garden ligg høgt, like over fiskeværet, og har vore utkikksplass for fiske og kvalfangst.
I august kvart år fra 2007 til 2015 blei Periferifestivalen arrangert på Glesvær.
Kjelder
- Holmakaien.no: Glesvær kafé og restaurant
- Store norske leksikon: Glesvær
- NRK: Periferifestivalen legges ned