Gravminner rundt Eikefjord
Gravminner rundt Eikefjord er eit oversyn over arkeologiske funnstader i og rundt Eikefjord i Kinn kommune.
Per Fett ved Historisk museum skreiv i 1957 om gravfunn rundt Eikefjord i serien Førhistoriske minne på Vestlandet. Heftet er Førhistoriske minne i Fjordane. 6 : Kinn prestegjeld.
Kvalvik gnr. 52
Funnkart nr. 1. Matias Kvalvik, bnr. 2.
Røys på det nordste neset på Nesjane, øvst på ytste berget. Ho er 8 x 12 m O-V, 1 m høg, men verkar høgare særleg frå S. Ho er bygd av naken løftestein, overgrodd med lyng og osp. Stort avlangt søkk i vestre del.
Funnkart nr. 2. Matias Kvalvik, bnr. 2.
Røys på svaberg på det søre neset på Nesjane. 7 m i tverrmål, låg, bygd av naken stein med litt mose og lyng på. Lite, djupt hol i vestre side og noko utkasta mot sør
Funnkart nr. 3. Sameige utmark.
Røys på Klipe, ein knaus med mykje eine og grønt kringom. Staden er høgste punkt ved den gamle stigen mellom Kvalvik og Tonheim, og røysa ligg på høgste toppen av knausen. Der er no berre ein liten uregelrett rest att, låg og mosegrodd. Kvilebenken her oppe var samlingsstad om laurdagskveldane.
Funnkart nr. 4. Funnstad for kleberbolle.
Tapt – Vik.? Kleberbolle, halvkuleforma, ca 15 cm i tverrmål, med eit nedsøkkt belte under randen, f. 1 m djupt i eit oppkome der det no er bygt brønn 75 m NNV for løa på bnr. 1, Anders Tonheim, 5 m nedanfor riksvegen.
Vi kan også nevne desse to funna som er skrive om i same hefte.
Vasset gnr. 68
Funnkartet nr. 1. Leif vasset, bnr. 1.
Haug i Storåkeren nær bytet. Her var for lenge sidan funne ei hellekiste utan saker i. Her budde gardvorden.
(Kommentar: Gardvord er ifølge folketrua ein vette som våker over garden og ser etter at alt går riktig for seg. Av og til var gardvorden tenkt som den første bonden på garden, rudkallen. Han gav velstand og trivsel om ein sto på god fot med ham og ga ham dei offer han etter tradisjonen hadde rett til. Kilde: Store norske leksikon)
Livresund, gnr 82
1. Røys på heller 20 m SV for stova. Ho var om lag 9 m i tvm, 1,5 m høg ( dette siste talet er vel for stort), bygd av stein, nokre var svære. Ettergraven 1930 (Johs.Bæe) utan funn eller spor etter grav.
2. Kiste av kantsette heller over, rydda før 1900 med funn av oske og jarnrusk.
2. Kiste av to gavlheller som stod på berre berget tett ved sjøen. Rydda før 1900 ved funn av jern.
Eikefjord sentrum
Sjå arkeologisk utgraving i Eikefjord (1998).
Kjelder og litteratur
- Fett, Per. Førhistoriske minne i Fjordane. 6 : Kinn prestegjeld. Utg. Historisk museum. Bergen. 1957. Digital versjon på Nettbiblioteket.