Grenland Fotballkrets

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Grenland Fotballkrets blei starta 6. august 1905. Kretsen omfatta fotballaga i Nedre Telemark. Kretsen hadde eigne drakter med marineblå trøye, kvit bukse og blå strømper med kvite striper.

Kretsen hadde fleire fotballbanar i Nedre Telemark: Skotfoss, Herre, Langesund, Gimsøy / K.S.K., Pors stadion, Tollnes, Brevik, Skiens Ballklubb og gressbane, Borgs gressbane, Skidar, Odds stadion, Urædds stadion, Grane, Storms gressbane, Stathelle, Gulseth, Eidanger, Herøya, Kragerø, Siljan, Sundjordet og Bamble.

I 1920 gjekk Grenland Fotballkrets saman med Øvre Telemark Fotballkrets. Dei to kretsane vart forløparen til det som i dag er Telemark Fotballkrets.

Arkiv

Arkivet etter Grenland Fotballkrets er del av Telemark Fotballkrets sitt arkiv, og er ordna ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder