Gunnar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunnar er eit mannsnamn som var mykje brukt i mellomalderen, og som har stått sterkt heilt fram til vår tid. Etter reformasjonen stod det særleg sterkt i Hedmark, Telemark og Setesdal, eit mønster som heldt seg til slutten av 1800-talet. Det kom eit oppsving kring 1890, og dette toppa seg i 1920-åra. Etter 1930 vart det i mindre grad nytta, og i 1950-åra hadde det stor tilbakegang. Det er lite nytta etter 2000, men det er framleis mange som heiter Gunnar, og ein del oppkalling er det venteleg.

Den norrøne forma var Gunnarr, frå gunn-, 'kamp' eller 'strid', og -ar, 'krigar.

I eldre kjelder er det ofte skrive Gunder, og patronymet Gundersen er vanlegare enn Gunnarsen. Forma Gunner vart òg nytte ein del. I folketeljingane frå 1900 og 1910 er det nokre som har forma Gunnard. I Aust-Agder har ein vanleg uttale vore Gonnår, men denne har sjeldan vore nytta i skrift. Namnet finst òg i andre germanske språkområde, mellom anna med den tyske forma Günther. Det finst nokre få døme på fornorsking av den forma til Gunt(h)er.

Ein latinisert form, Gunnerius, Gunerius eller Gunnerus, er kjend frå 1700-talet. Den vart populær i første halvdelen av 1800-talet, særleg i Østfold, Solør, Akershus, Aust-Agder og Trøndelag. Frå 1870-åra vart forma mindre populær, og etter 1940 er den sjeldan nytta. Formene Gunnarius og Gunnerus har stort sett overlappa kvarandre, med unntak av i Solør der Gunnerus var mest nytta. Gunnarus er òg nytta som etternamn av slekta etter stadsfysikus Erasmus Gunnarus, sjå Gunnarus (slekt). Gunerius kom truleg til fordi forma stemmer betre med uttale med trykk på andrestavinga.

Kvinnenamnet Gunnarda eller Gunnharda er ikkje direkte avleia frå Gunnar, men vart nok ofte tolka som ei kvinneleg form av det namnet.

Namnedagen er 9. januar.

Litteratur og kjelder