Gyda Eiriksdotter
Gyda Eiriksdotter (fødd omkring 865) var kongsdotter og frille til Harald Hårfagre. Det var ifølgje Snorre Sturlasson ho som sette i gang samlinga av Noreg, for ho nekta å gifta seg med Harald før han hadde samla riket.[1]
Ifølgje Snorre var ho dotter av kong Eirik i Hordaland, og vart oppfostra hos ein storbonde i Valdres. Harald Hårfagre høyrde om henne i Hedmark, for ho hadde ry for å vere særs vakker. Då Harald sendte nokre av sine menn for å fri viste det seg at ho ikkje bare så bra ut, ho torde også å stille krav. Då Harald sine menn kom attende til kongen meinte dei at han skulle sende mange menn og få ho teken med vald, men Harald meinte at det ho kravde var noko han burde ha tenkt på sjølv.
Etter at Harald hadde samla Noreg til eitt rike sende han på ny menn til Gyda, og denne gongen sa ho ja. Dei skal ha fått fem born: Ålov Årbot, Rørek Haraldsson, Sigtrygg Haraldsson, Frode Haraldsson og Torgils Haraldsson.
Referanser
- ↑ Snorre 1998: 50–51 og 62.
Litteratur
- Gyda - kongedatter i Store norske leksikon.
- Meyer, Ulla: Norske kvinner: 150 portretter. Utg. Jacob Dybwads forlag. [Oslo]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket..
- Snorre Sturlasson: Snorres kongesagaer. Utg. Gyldendal. Oslo. 1998. Digital versjon på Nettbiblioteket..