Hågåbergja (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hågåbergja med Sisjord nedre og Sisjord øvre.
Foto: Roy Olsen (2017).

Hågåbergja i i Midt-Telemark kommune er ein veg som går østover frå Oterholtvegen på Langkåshaugen. Han deler seg i fleire greiner i Sisjord-området. Hågåbergja blei kommunal veg i 1988.

Det ligg fleire gardar og småbruk til vegen, og også mange einebustader.

Hågåbergja kalla dei frå gamalt den høgaste kammen av Sisjord-eigedomen, frå Krossvegen og eit par hundre meter austetter. Då Sisjord i 1791 blei delt, gjekk delelina etter dette høgdedraget. Den dyrka marka til Sisjordgardane låg lenger nedover mot elva, og oppover mot bakketoppen var det utmark som blei nytta som hamn. Hågån og Hegna som var namn på husmannsplassar i dette området, har samanheng med at det var hamn. Øvst oppe var det fine, flate berg bortetter, og på desse samla folk seg til leik og moro. Både 17. maifeiring og jonsokfest heldt dei på Hågåbergja. Etter siste verdskrigen har mange busett seg innetter Hågåbergja og der ikring, så det har blitt som ei lita grend.


Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bøsoga II, Gards- og ættesoga band II ved Stian Henneseid.


Koordinater: 59.42386° N 9.05232° Ø