Haraldedal notlag
Haraldedal notlag eller Sundalsnota var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune.
Voldasoga II av Per Årviknes s. 434 fortel etter Sjur Fyrde at då Austefjord kyrkje stod ferdig 1879 tok sundalsnotalaget kyrkjebåten «Gussfar» og bygde den om (la den utover og sette spegel i) til gavlbåt for notbruk. Om dette fortel at dei opretta nytt notalag eller dei hadde not og trengde større båt er ikkje godt å vite.
Nota har truleg som dei samtidige nøtene vore organisert som ei bolkenot.
Kåre Gjersdal fortel at eigarane var: begge bruk i Gjersdal, Engjaberg bruk 1, i Sundal Hansgarden og Bakken. Erkegarden (Sundal) og Syvergarden på Holen (Høybakk) kjøpte seg inn 1945.
Det var vanskeleg å fylje med når det var «fiskesyner» så under krigen hadde naustet ramla ned over båten og nota. No kjøpte Erkegarden og Holen (Syvergarden) seg inn og notanaustet vart bygd oppatt. Det vart og kjøpt brukt båt og landnot på Vatne i Haram. Dette bruket var og dårleg og vart lite brukt, siste gongen det var i sjøen var i 1946.
Hans-Ola var siste bas i notlaget.
Notlaget eksisterar framleis (2010) og naustet er halde ved like og brukt til båt.
Kjelder:
- Gjersdal, Kåre f. 1927
- Voldasoga II, Per Årviknes
- Områdeinformasjon:
- Busetnadssoga for Volda band 3 (Austefjordområdet)
- Voldasoga band 2 og 3, Per Årviknes
Haraldedal notlag er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |