Haugefoss Bruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Haugefoss Bruk var ei mølle, sagbruk og høvleri som blei starta i 1904 av Aane Lauvdal. I 1920 tok sonen, J. A. Lauvdal, over drifta av bruket. Bruket låg på Haugefoss i Hegglandsgrend i Fyresdal kommune.

Verksemda vart modernisert fleire gonger før 1950. Høvleriet blei bygd i 1925, og det vart turbindrift frå 1934. Varene vart i hovudsak omsatt i Fyresdal og kringliggande kommunar. I 1949 sysselsatte verksemda tre-fire personar.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.