Haugenjordet (veg i Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugenjordet, «Sosialistgata», sett austover.
Foto: Roy Olsen (2017).

HaugenjordetGvarv i Midt-Telemark kommune går austover frå Gamlegata til Torkild Gunnheims veg og er 139 meter lang.

Vegen er mest kjend som «Sosialistgata», eit namn som blei vedtatt i 1999, og som har vore namnet på folkemunne i mange år. Tradisjonen seier at det var Stor-Torstein Lindheim (1870–1944) som tok til å bruke det namnet. Sidan har namnet blitt endra til Haugenjordet som var namnet på eit jorde mot Gamlegata. Det er uvisst når dette vedtaket blei gjort, men truleg rundt 2005.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Sauherad kommune: Veger navnsatt av kommunestyret, liste frå 1999.


Koordinater: 59.38672° N 9.17057° Ø