Haugo (Bykle gnr 6/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugo
Rydda: omkr. 1854
Utskilt: 1870
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 6
Bnr: 2
Type: Småbruk, opphaveleg husmannsplass

Haugo er eit småbruk i Vatnedalen i Bykle kommune. Jamvel om Haugo har bnr 2, er det eit langt yngre bruk enn Der hite, bnr 4. Det vart matrikulert i 1870, med ei landskyld på 9 skilling, som sidan vart omgjort til 13 øre. Ved matrikuleringa hadde det vore busett nokre år, men ikkje lenge.

Den fyrste me sikkert kan vita sat her er Knut Knutsson frå Der hite, som var husmann her i 1865.

  • Knut Knutsson Vatnedalen, f 1813, d 1899

Om det var Knut, som elles gjorde seg vidgjeten som rosemålar og spilemann, og gjekk under namnet «buseten», som hadde rudt plassen og var den fyrste til å bu her, er likevel usikkert. Saman med han i 1865 budde broren Sigbjørn, som var enkemann og hadde ått Der hite til 1854. Det kan då også ha vore han som har halde att ein verestad, då han let garden ifrå seg, men i så fall vart ingenting skrive. I 1865 hadde Sigbjørn fatighjelp står det, så det hadde vorte smått for han, skjønar me.

Men med Knut var det ikkje kleinare enn at han hadde råd til å ha tenestejente. Ho heitte Anne, og var dotter åt Salmund Knutsson Breive og andre kona Tjodvor Olavsdotter, fødd Maurlii. Sidan vart Anne gift med Knut Alvsson Breive.

Buskapen på plassen i 1865 var 3 kyr og 9 geiter, og sånaden var 3 kvartel bygg.

Me reknar med at dei neste me veit om budde her seinast kom hit sumaren eller hausten 1868, for i november det året fekk dei ei dotter her. Om det var akkurat på denne tid Knut Knutsson flutte åt Holen, der han sidan heldt til, er vanskelegare å avgjera. Det me vidare har å fortelje om han, står i bolken om Holenplasset, gnr 10, bnr 4.

Dei nye folka her i 1868 kom frå Suldal. Mannen i denne familien var son åt Kolbein Jonsson Nærheim på Fisketjønn, gnr 30, bnr 5 og 6, og kona, Borghild Pedersdotter, fødd Tjøstheim (jfr. Gamle Suldal, 348). Den eldste dotter deira heitte Brita, og var gift med Hadle Torsson Stråpa i Uppigard Hoslemo. Ei yngre dotter heitte også Brita. Ho var gift med Auver Jonsson Tveiten i Vatnedalen Der sø. Desse var altså systrene til vår mann her.

  • Kolbein Kolbeinsson Fisketjønn, f 1836, d 1888
g 1862 m Eldrid Jonsdtr. Vetrhus, f 1840, d etter 1910. Born:
  • Jon, f 1864, g 1911 m Ingebjørg Ånundsdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Borghild, f 1866, d 1878
  • Inga (e.), f 1868, 1900 tenar på Skredtveit, Mo, gnr 20, bnr1, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Peder, f 1871, g 1897 m Kari Olstdtr. Bråtveit, busett Kjetilstad, Suldal, gnr 40, bnr 1, born:
  • Kolbein, f 1897, g 1930 m Serina Johannesdotter Hustoft, busett Kjetilstad, Suldal
  • Ola, f 1901 g 1929 m Kari Larsdtr. Bakka, busett Bakka, Suldal, gnr 41, bnr 4
  • Tor, f 1904, g m Magla Persdtr. Slagstad, busett Slagstad, Suldal, gnr 39, bnr 1
  • Eldrid, f 1906, g m Åsmund Jørgensson Eikeland, Vats, busett Eikeland, Vats, gnr 123, bnr 9
  • Kari, f 1874, 1891 tenar hjå morbror Tor Jonsson, Kjetilstad, Suldal, seinare lagnad ukj.
  • Kolbein, f 1876, d 1960, g 1927 m Ågot Torsdtr. Vetrhus, Suldal, busett Eide, Vats, gnr 109, bnr 5, born:
  • Borghild, f 1879, 1910 busett her, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Inga (y.). f 1883, tvill., 1910 busett her, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Marta, f 1883, tvill., 1900 tenar hjå broren, Peder Kolbeinsson, Kjetilstad, Suldal, seinare lagnad ukj.

Eldrid Jonsdotter var frå Vetrhus i Suldal, gnr 57, bnr 1. Foreldra var Jon Olsson Vetrhus på det bruket og kona, Inga Albertsdotter, fødd Øystad (jfr. Gamle Suldal, 582).

Fyrste tida Eldrid og Kolbein var gifte, var dei busetar hjå morfar hennes i Vetrhus, ser me i folketeljinga frå 1865, men frå 1868 var dei som nemnt her på bruket, som dei skaffa seg tinglyst eigedomsrett til i 1870. Nokre år seinare, det var i 1878, kaupte Kolbein også Vatnedalsplassen hjå Knut Sigbjørnsson Der hite. Etter dette åtte han altså både bnr 2 og bnr 6 ei tid, men noko seinare, truleg kring 1892, overdrog han Plassen til Sigbjørn Knutsson.

I fylgje den gamle gards- og ættesoga (191) døydde Kolbein i Kvilldal. Dette trur me stemmer, for i den grenda i Suldal ligg Kjetilstad, der sonen Peder budde, og ein finn ikkje dødsfallet åt Kolbein i Valle kyrkjebok. Der finn ein ikkje Eldrid heller, så det spørst om ikkje også ho har vore i Suldal på slutten. Men ho livde iallfall framleis i 1910, og budde i fylgje folketeljinga då på Haugo saman med sonen Jon og døtrene Borghild og Inga (y.).

Desse tre syskena var alle framleis ugifte då folketeljinga vart oppteke, men året etter gifte Jon seg, og overtok bruket.

  • Jon Kolbeinsson Vatnedalen, f 1864, d Vats 1947
g 1911 m Ingebjørg Ånundsdtr. Hoslemo, f 1874, d Vats 1946. Born:
  • Eldri, f 1912, d 1913
  • Kolbein, f 1914, g 1940 m Anna Bjørnsdtr. Skeie, Sandeid, busett Sørheim, Hustoft, Vats, gnr 134, bnr 4
  • Eldrid, f 1919, g m Erling Furseth, Sandeid

Ingebjørg var frå Haugen Hoslemo, gnr 4, bnr 5, dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen på det bruket og kona, Gro Hallvardsdotter.

Når det gjeld døtrene i familelista ovanfor, melder den gamle gards- og ættesoga (191) at den Eldri som var fødd i 1912 døydde i Sandeid. Men på den tid hadde foreldra endå ikkje flutt vestetter, og ho vart faktisk gravlagd frå Vatnedalen. Men den neste Eldrid var ikkje fødd i 1916, slik den gamle boka gjev opp. Derimot var ho fødd i Vats i 1919, for ved det leitet budde ikkje Jon og Ingebjørg lenger i Vatnedalen. Nett kva tid dei flutte, veit me ikkje, det me kan slå fast er at Jon i 1916 selde unna det meste av eigedomen sin i Vatnedalen.

Ein part med bnr 11, skyldsett til 1 øre, gjekk til Odd Roaldkvam for 1.000 kr, og eit større heistykke med bnr 12 og ei landskyld på 9 øre gjekk til Odd Roaldkvam og Jacob Vik for 5000. Dermed var det berre att eit stykke med 2 øre landskyld i bnr 2. Dette heldt Jon fast på.

I 1918 kaupte han seg eit bruk i Vatne i Vats, gnr 110, bnr 4 og 5, for 11.000 kr, men 3 år etter vart han driven bort derifrå av eit odelssøksmål. Han fekk 14 500 for bruket i Vatne, og kaupte året etter att bruket Sørheim i Hustoft, gnr 134, bnr 4, for 15 500 kr.

Sidan heldt Jon og etterkomarane hans til i Vats og derikring. Det me her har kunna fortelje om dei etter at dei flutte frå Vatnedalen, er henta or bygdeboka frå Vats (N. Dybdal-Holthe: Soga om Vats, 1984, 186, 529).

Det stykket av bnr 2 som Jon hadde halde att går under nemninga Løyningsåsan. Borna etter Jon; Kolbein og Eldrid, selde i 1971 denne parsellen til Knut Hoslemo i Haugen, Hoslemo. Han har sett mykje av området bort til hyttetomter.

Primærkjelder


0941 Bykle komm.png Haugo (Bykle gnr 6/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordstog Dalen (Der sø) • Neste bolk: Der hite


Koordinater: 59.45959° N 7.39439° Ø