Heidal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heidal kyrkje
Heidal kyrkje 01.JPG
Foto: Chris Nyborg (2015).
Stad: Heidal
Byggeår: 1941
Kyrkjegard: Heidal kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Hamar
Prosti: Nord-Gudbrandsdal
Prestegjeld: Sel
Fellesråd: Sel
Sokn: Heidal
Teknikk: Laft
Materiale: Tømmer
Altartavle: «Krossfestinga»
Anna informasjon: omkr. 300

Heidal kyrkje er soknekyrkja i Heidal i Sel kommune. Ho vart oppført som lafta korskyrkje 1937–1941, som erstatning for Heidal gamle kyrkje som brann i 1933.

Kyrkja har rik utsmykking, med lokal treskurd av Mattias Fjerdinggren, Anders Johnsgard og Paul Sørhagen samt av Edvard Bakkom frå Vågå. Hovudmotivet på altartavla er krossfestinga. På sidane står Moses og Aron, og øvst står med sigersfane. Normalt er sigersfana kvit med ein raud kross, men her er ho raud med kvitt kors – så det ser ut som om han held Dannebrog. Under tårnet er det eit takmaleri med dei fire evanelistane.

På kyrkjegarden står Bjølstad kapell, som vart flytta og sett opp her i 1962.

I eitt av vindfanga står det fleire gamle gravminne i tre.

Litteratur

Det er tre galleri, med orgel på galleriet over inngangen og benker på dei to andre.