Heland (fiskefartøy, 1937)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heland
Kjennesignal LJQA
Eigennamn: Heland
Båttype Fiskefartøy
Byggeteknikk Kravell
Materiale Tre
Lengde 63 fot
Bruttotonnasje 39
Byggeår 1937
Båtbyggjar: Einar Helland, Vestnes
Framdriftsmiddel: Motor
Motortype Heimdal 130 Hk
Kommune Ålesund kommune
Lagstilknyting: Norsk Forening for Fartøyvern
Lagstilknyting andre: Helands venner
Vernestatus Vernet (1994)


MK «Heland» vart bygd av Einar Helland på Vestnes i Møre og Romsdal i 1937 for Severin og Arne A. Roald og Olaf Røssvik.

Heland vart brukt til heilårsfiske. Om vinteren var det drivgarnfiske etter storsild, i torskefiske og i brugde- og småhvalfangst i Nordsjøen, Barentshavet, ved Jan Mayen og ved Island. Kvalfangsten gjekk føre seg i Barentshavet, farvatnet rundt Island og i Nordsjøen. Om hausten var det kveitefiske på Storegga.

1941 – 42 gjorde båten fleire turar etter oppdrag frå Milorg] på Vigra med agentar og flyktningar frå Sunnmøre til Shetland. Båten gjekk inn i Shetlandsgjengen sin flåte av fiskefartøy. Heland gjekk med våpen- og ammunisjonslast, eller den frakta Lingefolk og andre motstandsfolk. I 1943 vart «Heland» avløyst av moderne ubåtjagarar og blei stasjonert som reservebåt i Scalloway.

Som ny fikk «Heland» installert ein Håhjem-motor. Denne ble byttet ut med en 130 Hk Heimdal i 1960. Denne motoren står framleis om bord. Det blei gjort ombyggingar på overbygningen etter krigen.

Fiskekuttaren Heland vart kalla ein eventyrbåt. Den gjorde store og gode fangstar. Det følgde og lukke med verksemda under krigen. I 1971 blei «Heland» kondemnert og overtatt av Sunnmøre museum same år. Fartøyet skal bevarast som typisk representant for fiskeflåten for perioden 1930-60, og som representant for Shetlandsbussene. «Heland» ble restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter frå 1994 – 1998.

Helands venner

Helands venner er ei interessegruppe som tar del i arbeidet med bevaring, bruk og vedlikehald av «Heland». Dei gjer praktisk dugnadsarbeid på båten og er mannskap om bord.


Kilder

  • Norsk Forening for Fartøyvern
  • Sunnmøre museum