Hengebruvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hengebruvegen med Tjønntveit bru sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Hengebruvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover frå Seljordvegen ved Tjønntveit til Vreimsida ved Skruverud. Vegen kryssar Bøelva på Tjønntveit bru og er om lag 670 meter lang. Han er utan fast dekke og går i jordbrukslandskap.

Vegen har namn etter Tjønntveit bru som er ei 60 meter lang hengjebru. Namnevedtak blei gjort i 1989.

Brua blei opna hausten 1969 og avløyste ei medtatt hengjebru som ikkje var laga for biltrafikk. Før det kom bru på staden, drog folk seg over elva på ein flåte, ei slag primitiv ferje. Hengebruvegen har tidlegare hatt namnet Ferjevegen på folkemunne.

Hausten 2018 måtte ein stengje brua på grunn av at manglande vedlikehald hadde forårsaka alvorlege rustskader, og ho var stengd eit års tid.

«Hengebrua» er og namnet på ei mykje bruka badestrand på nordre elvebredd like ved.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • TA: «Lifjell», 15. mai 1970
  • Bø Blad 11. august 2016.


Koordinater: 59.40755° N 8.95844° Ø