Henrik Holsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Holsvik

Henrik Johannes Nikolai Martinussen Holsvik (født 13. april 1884, død 2. oktober 1986 var fødd i Holsvika i Austefjorden i Volda kommune av Martinus Harald Olai Iverssen (1843 – 1893) og Hilde Larine Henriksdotter (1856 – 1947) som nummer seks i ein barneflokk på ni frå to ekteskap.

Oktober 1909 gifte Henrik seg med Johanne (Hanna) Oline Jakobsdotter Eide 1883 – 1970). Dei fekk to born: Hilda 1912 og Lars 1915.

Martinus døde i 1893. Ein eldre bror Ivar f. 1875 tok over garden, men døde i 1894. Henrik sit som 10-åring med eigarskap til gard (heilebruk) og heil part (to mann oppmøte) i Holsvik Notlag. Henrik blir brått vaksen.

Her blir berre tid til den lovpålagde skulegangen. Etter det er CV-en fullpakka med, den gong, naturleg arbeid for bygdegutar og menn i kampen for føda utanom gardsbruket.

Livsløp

Henrik Holsvik

1899: Som 15-åring får han fyrst plass hos (i moderne språkdrakt heiter dette vikariat) Bø-Martinus (frå Ytre Høydal). Dei driv torskefiskje frå Synesvågen på Vigra.

1900: Torskefiskje med Gerhard Fosnavåg som hadde båt og bud i Fosnavågen.

1901 og 1902: Torskefiskje med Laurits Kvalsvik i Kvalsvikja.

1903 – 1906: Kvalfangst. Fekk plass som «vanleg mann» (bodde i lugaren framme) om bord i «Nevada». «Nevada» (modell på Austefjord Museum), ei av sju fangstskuter som segla ut frå Ålesund rundt 1. mai og fangsta frå Færøyane og nordover inn i isen på vel 4 mnd.-turar. Tredje året er han 3. skyttar/drepar (dreparen har til oppgåve å syte for at kvalen er kontrollert daud før den skal inn til skutesida for flensing. Derfor må han ut i småbåt, til kvalen når denne kjem opp etter å ha vore nede i «hysebygda» ei stund for sluttoppgåva. Her var feilmarginane små/fråverande), no tek inntekta seg monaleg opp. Skipper desse tre åra var Benoni Mikalsen (1855 – 1917), busett Volda (sjå Voldaminne 2012 s 141).

1907 – 1910: Ved avtalt oppmøte for «Nevada» i 1907 er Henrik tilsett («headhunta») til 2-skyttar på «Zella». (Slike ombyte heitte vel «skipperavgjørelser» og fekk dyktige folk på rett plass). Her var Henrik med i 4 sesongar. (Tidlegare er nemnt hardt arbeid. Denne kvalfangsten frå 60-80 fots seglarar med tre robåtar med kvalkanon på tek truleg fyrsteplassen. «Her kan du ikkje blunke for lenge, for då er du daud»). Henrik nemner mange jamaldringar frå Austefjorden som dreiv på same måten desse åra.

1911: Torskefiskje frå Synesvågen på Vigra i lag med næraste venen sin , han Folla-Syver (Sivert Ananias Eriksen Løfoll, 1880 – 1967). Båteigar er ein Severin (etternamn ukjent). Avsluttinga på fiskesesongen må takast brått. Henrik blir henta til selfangst (her trengs meir opplysingar).

1912: Båtlaget møter opp som året før, men skipper Severin er sjuk. Inn kjem ein Bernhard Klungsøyr som bor i Kalderhaugen like ved. Han og ein Sivert Langvatn (Busetnadssoga for Volda band 3 s. 348) eig eller kjøper båten. Dei tingar seg og ny båt på Bjørkedalen som fekk namnet «Normann». Hos desse harddrivarane vart Henrik «i fiskja» til han gav seg på «storsjøen».

1939: Den 57 år gamle Henrik sin siste sesong på «Kalderaubåtinj» som «Normann» heitte på austefjordsk etter 28 år i lag med mest same mannskapet. 40 fiske – og fangstsesongar utan avbrekk 1899 – 1939 er unnagjort.

1940: Heime, farta er forsøkt sett ned, men skrekk og gru, det bryt ut storkrig. Henrik går den tunge vegen til Fyrdskaia og tek far vel med dei som er innkalla til krig med tyskerane i Gudbrandsdal-området. Blant desse er sonen Lars. Ingen rekna med å sjå sine att, men alle austefjordingane kom heim like heile på utsida etter trefningane.

1940 – 1951: Det går i gardsbruk, notlag og småindustri i lag med sonen Lars.

1951 – 1963: Lars tek over garden. Henrik er pensjonist og driv som før.

1963: Holsvik Notlag blir avvikla og enkeltmannsføretaket Holsvik Notlag blir oppretta. Du kan ikkje bu ved Holsvika, Austefjorden sitt spiskammers, utan not.

Etter Henrik avslutta «storsjøen» laga han syskrin «til det ganske land» saman med sonen Lars. Det dreiar seg om mange 10 000.

Aktiv i pinserørsla

Henrik var saman med si Hanna aktive i pinserørsla (her: De frie evangeliske forsamlinger). Henrik «sa gjerne nokre ord» i møtesamanheng. Med andre ord var han ein nytta talar lokalt. Han kunne sin Bibel ordrett frå perm til perm virka det som, og mang ein tilreisande talar miste munn og mæle når Henrik sa føre dei ord for ord det dei hadde tenkt ut på førehand. Henrik synte i slike samanhengar stor takksemd for si gode helse gjennom livet. Han brukte då orda. «Herre, ta mej so kjekke (kjekk tydde den gongen frisk/rask/oppegåande) so ej æ», med andre ord ei bøn om å få lov å døy «i fullt firsprang» når hans tid var ute. Det fekk han.

Takk

Frå bygda. Takk Henrik for innsats og godt arbeid gjennom 102 år levd liv.

Etterord

Skrivaren her sat ein gong som smågut i setet bak Henrik på bussen til Volda. På Aurstad kom han Daniel (Knut Daniel Rasmussen Aurstad 1884 – 1974) på bussen (han for vidare frå kvalfangst i Nordsjøbassenget til Sørishavet som kaptein/skyttar på kvalbåt). Dei to snakka om kvalfangst så augene helt på å trille ut av hausen på guten, men dette er gløymt. Det som sit att i guteskallen etter 60 år er fylgjande: Den eine spør den andre: Kva tid har du vore næraste døden eller hardast skada ?

Daniel: «Eg datt ned då vi bygde nothengje i Årset Notlag (1951) og eg blødde som ein stokkjen gris». Det var vel berre så vidt han stod over.

Henrik: «Eg var uheppen og kolla ei bjørk over meg inn på Holane og vart liggande faste. Ho Hanna sakna meg til mat og kom og leitte etter meg. Ho fekk meg laus». «Jah, skal ej seie dej, hadde det vore enj almendele mannj hadde hanj vore døde».

Og skrivaren undrar seg den dag i dag. Tenk å skade seg nærast ved kjøkenbordet etter å ha reist verda rundt i om lag 50 år med dei verst tenkjelege farar rundt seg heile tida. Utruleg.

Kjelde

  • Busetnadssoge for Vokda band 3
  • Voldasoga 3, Per Årviknes
  • AMU (Austefjord Museumslag) scanna lydfil frå lydband ca. 1980 der Henrik Holsvik blir interjuva av son sin Lars med «Nevada» (modell av Andreas Årsetøy) på bordet mellom seg
  • AMU scanna lydfil ca. 1960 der Martinus Hagbart Martinussen Holsvik f. 1887 blir interjuva av Per Årviknes (forfattar Voldasoga)
  • Nille Andrine Larsdotter Djuvik (1883 – 1971)
  • Oddvar Høydalsvik: Eigen kjennskap som sambygding

Eksterne lenkjer


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.