Herman Gerhard Treschow

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Herman Gerhard Treschow (fødd 18. juli 1780 i København, død 12. februar 1836 i København) var amtmann for Nordre Bergenhus amt 1811-1814 og var ein av dei danske embetsmennene som forlet Noreg i 1814.

Treschow var son av Michael Treschow, assessor i Højesteret og seinare amtmann i Roskilde, og Christina Elisabeth Wasserfall (1753-1823). Han gifte seg 8.10.1813 med skodespelaren Juliane Maria Funck (1786-1868), dotter av te- og porselenshandlar i København Peter Funck og Sina Catharina Wøhlers.

Treschow vart student ved København universitet i 1797 og cand.jur. i 1800. Same året vart han protokollsekretær i Høgsterett, i 1804 assessor i Hof- og Stadsretten i København og i 1807 premierløytnant i Kongens livkorps.

Den 22.10.1811 vart Treschow utnemnd til amtmann for Nordre Bergenhus amt etter at Hilmar Meincke Krohg same året ikkje hadde teke imot embetet. Treschow slo seg ned i Bergen som forgjengarane, men kjøpte i 1813 garden Askelund i Balestrand og slo seg ned der. I 1814 leidde Treschow amtsvalet til riksforsamlinga. Etter brotet med Danmark fekk han avskil med ventepengar frå embetet og flytte attende til Danmark. Futen i Sogn, Rasmus Endresen, vart konstituerte i amtmannsembetet etter Treschow i 1814, kjøpte Askelund av han og døypte jamvel ein son Herman Gerhard hausten 1814, truleg ei oppkalling etter Treschow.

I Danmark hadde Treschow fleire embete, mellom anna to amtmannsembete, Vejle og Frederiksborg. Han var medlem av fleire regjeringskommisjonar. I 1824 vart han ridder av Dannebrogsordenen, og i 1826 Dannebrogsmann.

Litteratur

Eksterne lenkjer