Hieronymus Sommerschield

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hieronymus Fredrik Sommerschield (født 12. juni 1819 i Stjørdalen, død 5. september 1851 i Joinville) var ein av dei 106 som reiste ut frå Trondhjem i 1850 for å grava gull i California.

Tidleg liv

Sommerschield vart født i Stjørdalen, og var son av premierløytnant (seinare oberstløytnant) Wincentz Henrich Sommerschield (1790—1879) og Anna Sophie f. Schwabe (1791—1872). Han kom frå ein militær familie, både faren og farfaren var oberstløytnantar. Morfaren var tidlegare lagmann på Opplanda Johan Fredrik Schwabe (1749–1821).

Tanta hans på morssida, Fredrikke Sophie Schwabe, var gift med eidsvollsmann og sokneprest i Stjørdalen Hieronymus Heyerdahl (1773–1847). Det er sannsynleg at Sommerschield var oppkalla etter eidsvollsmannen. Lite er elles kjent om Hieronymus Sommerschields liv, anna enn at han var utdanna gullsmed.

Utvandring

I 1850 vart det utrusta ein ekspedisjon av Trondhjem for å grava gull i California, der det var funni gull to år tidlegare. Hieronymus Sommerschield var ein av dei som valte å dra, og seglte ut med skuta «Sophie» saman med 105 andre håpefulle gullgravarar den 26. oktober det året.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro i Brasil. Skipet vart erklært å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennene sto derfor utan høve til å komma seg videre. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli nybyggjarar lenger sør i landet, og 74 av 106 nordmennene slo til på dette. Da dei kom til kolonien, var òg kommi eit norsk skip, «Colon», med kolonistar frå Tyskland og Sveits, og tretten av nordmennene valte sannsynlegvis å reise heim med dette skipet.

Sommerschield var ein av de 61 som valte å bli att i Joinville, som kolonien seinare vart heitande, men han fekk ikkje eit langt liv der: Han døydde der den 5. september 1851, i ein alder av 32 år.

Litteratur og kilder