Hjørmund Kummen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjørmund Kummen på sine eldre dagar. Foto frå familien.

Hjørmund Kummen (fødd i Skjåk 6. februar 1916, død i Seattle, USA, 2000) var ingeniør og krigsflygar. Mesteparten av yrkeskarrieren sin hadde han etter krigen i Canada og USA, der han hadde der leiande stillingar i fly- og krigsindustri.

Foreldra var lærar Gregor Kummen (1890-1967) og Ragna fødd Gran (fødd 1889). Hjørmund var nummer to i ein syskenflokk på fem. Han vart gift med Charlotte Marion Robinson (Canada). Dei fekk tre born, fødde i perioden 1944-1950.

Oppvekståra fram til 15-årsalderen hadde Hjørmund ved Bruvoll i Nordberg i Skjåk, der faren var lærar i Åmot-skulen. Sidan vart faren lærar og kyrkjesongar i hovudsoknet, og familien flytta til Øvre Marlo («Klokkargarden»).

Hjørmund tok ingeniørutdanning i Uppsala. Deretter gjekk han inn i flyvåpenet (Hærens flyvåpen) i Noreg. I april 1940 var han mekanikarsersjant på Flygerskolen på Kjeller. Kummen var vakthavande befal den 8. april. Om ettermiddagen beordra skolesjefen rittmeister Normann evakuering av dei om lag 30 øvingsflya på staden. Kummen hadde det fyrste døgnet ansvaret for vakthaldet over flya som var halde i skjul ved Øyeren.

Etter eit kortare krigsfangenskap på Gjøvik og ein tur til Sverige på falsk pass flykta Kummen frå Noreg i februar 1941. Reisa gjekk via Stockholm, Helsinki, Leningrad, Kiev, Odessa, Bulgaria, Tyrkia, Egypt, India, Sør-Afrika, Trinidad og til Halifax, Canada.

I Canada var Kummen ved Little Norway, der han mellom anna dreiv trening med stupbombarar. Sidan tok han flyskule i Canada. Etter endt opplæring vart han sett til å fly på ei rute frå Skottland over Norge til Sverige. Han flaug 12 gonger over Norge utan å bli oppdaga og skoten på av tyskarane.

Den 8. mai 2012 vart det avduka ein minneplakett over Hjørmund Kummen ved familiens gravstad ved Skjåk kyrkje.


Kjelder og litteratur