Hoff & Co.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hoff & Co. var ein møbelprodusent i Straumgjerde. Bedrifta vart skipa av Monrad Hoff og Kristian Fet i 1941. Dei to kjende kvarandre frå tidlegare då dei hadde arbeidd i lag på A/S Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk. Hoff & Co heldt første tida til i Tørjer-buda i Straumgjerde. Litt seinare flytta dei over i eit rom i kjellaren på skofabrikken til Lars A. Lade.

Då krigen var slutt, let det seg gjere å kome over i eige hus. Dei bygde på ei tomt som dei fekk bygsle av Velledalen allmenning. Frå 1946 kunne dei auke arbeidsstokken, som fram til då hadde vore om lag fem personar. I 1948 var det 10 tilsette ved Hoff & Co, året etter 12 og i 1951 14. Bedrifta hadde ikkje trevareavdeling, men fabrikken vart etter nokre år utvida, slik at det vart plass til saumavdeling, sysal og tilskjeringsrom. Treverket tok dei frå Konrad Brunstad og Erstad Trevarefabrikk.

Eit oversyn over bedrifta sitt forhandlarnett syner at dei på eit tidspunkt rundt 1950 selde møblar gjennom 97 møbelforretningar frå Tromsø i nord til Kragerø i sør.

Hoff & Co hadde ei jamn og positiv utvikling heilt til midt i femtiåra. Då bestemte Monrad Hoff seg for å avvikle drifta i Straumgjerde og flytte verksemda til Langevåg. Hoff kom frå Langevåg og hadde fått kjøpt seg ei tomt der. I 1955 var arbeidsstokken i Straumgjerde redusert til to, og i 1956 var dagane talde for Hoff & Co i Sykkylven.

Kjelde