Hope trebåtlag
Hope trebåtlag er eit kystlag i Skogsvåg, Sotra i Øygarden kommune. Laget har som føremål å ta vare på gamle trebåtar frå vestlandskysten og bruka dei slik dei vart brukte før. Laget vart stifta i 1997, og er eit lokallag i Forbundet KYSTEN. Hope trebåtlag vart offisielt starta 29 juni i 1994. Laget har base i Hopen som er ein våg ikkje så langt fra den velkjende Kvalvågen i Skogsvåg ved Raunefjorden på Sotra. I Hopen er gamalt og godt vedlikholdt naustmiljø. Naustet som trebåtlaget disponerer fekk laget bygd hausten 1994. Naustet vart bygd for ein grunneigar mot å få disponere det for eit tidsrom. Naustet er "basen" der laget driv med trearbeid, seglsying og anna høvelige sosiale aktivitetar.
Historikk om båtene som Hope trebåtlag eige
DUEN
Gavlabåt - 10,05 meter (33 fot) bygd i 1955 med 6-12 HK SABB Semidiesel. Båten hadde fått styrhus med lugar framme og bak. Sist heime-høyrande på Lepsøy, før det Kolltveit. Sidan hausten 1998 har båten blitt fullstendig rehabilitert. Alt overbygg er reve vekk, all saum og mange spant er skifta ut og ny rigg er satt på.
GODNOK
Sotrabåt (Spiss-stemning) - 7,00 meter. Bygd i Os/Ølve ca. 1885. Brukt som nota-båt på silde,- og laksa-fiske ved Krossfjorden. Har lagt i naust frå før krigen. Var i dårlig stand. Vart restaurert i 1995/96. Rigga med gaffelrigg.
JONSHOLMEN
Sotrabåt (Spiss-stemning) - 6,4 meter. Bygd på Jonsholmen i Lysefjorden ca. 1920/25. Brukt som notabåt ved Bildøy. I bra stand. Urigga. - Eksisterer desverre ikkje lenger.
NILS P
Seksæring - 6,81 meter (12 &1/2 båtalnar). Bygd i Os ca. 1920/25. Brukt nord i Øygarden - Herdlevær - som nota-båt laksefiske om sommaren. Bra vedlikehalde. Vølt i 1997. Rigga med sprisegl.
KNUTE PERSEN
Seksæring - 6,18 meter (11 &1/4 båtalnar). Bygd i ca. 1910/14. Brukt som nota-båt og til heime-fiskje i Skogsvåg frem til ca. 1982. Var plastbelagt i ca. 1975. Var i til dels dårleg stand pga. plasten. Rigga med sprisegl.
OLAI MATTIS
Seksæring - 6,18 meter (11 &1/4 båtalnar). Bygd i ca. 1875. Brukt som nota-båt i Skogsvågen. Ikkje brukt etter krigen. Var i "bra" stand. Vølt og klinka i 1994. Rigga med råsegl.
STEFFEN
Færing - 6,18 meter (11 &1/4 båtalnar). Bygd i ca. 1934. Brukt noko til heime-fiskje, eller stått for det meste i naust. Var i god stand bortsett fra baklota som var roten pga. lekkasje fra tak. Dette var en såkalla "Nygårdsvoldsbåt" Rigga med råsegl.
Kjelder
- Hope trebåtlag på Facebook
- Arkivet til Hope Trebåtlag.