Hotel Børte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hotel Børte like etter opninga.
Hotel Børte på eldre postkort.
Foto: Atelier Knud Knudsen / Spesialsamlingen ved universitetsbiblioteket i Bergen.

Hotel Børte blei bygd kring 1890 og opna i 1894. Hotellet låg i Byrte i gamle Mo kommune, noverande Tokke kommune. Seinare blei det solgt og flytta til Bykle, der drifta heldt fram som Bjåen fjellstove.

Historikk

På siste helvta av 1800-talet skjedde det store omveltningar i samferdsla i Øvre Telemark. Reiselivsnæringa hadde for alvor tatt seg opp, og frå Dalen trong turistane pusterom når dei skulle reise vidare over fjellet til Vestlandet. Slik blei Hotel Børte ein realitet på 1890-talet. I Yngvar Nielsen si reisehandbok frå 1893 står det at hotellet var eit godt hotell med ni soverom med til saman elleve senger. Eigaren som står opplyst er ein "O. N. Prestgard".[1] Detter er Olav Prestgard som kom frå Røldal og som saman med kona Gunnbjørg frå Vinje dreiv hotellet frå byrjinga av. Dei hadde fenge utskild ei tomt frå garden Utbø (Mo, Gnr. 4/9).[2]

Snart solgte Prestgard og kone til Anthon Hansen, grosserar Lars Røed, urmakar Søegaard og overrettssakførar Skaar. Kjøpesummen var 10.000 kroner, og Lars Røed og kona Olga vart styrarar ved hotellet.[3] Fram til vegen langs Byrtevatn blei opna i 1897 hadde ein rodd turistane opp vatnet frå Byrteosen hotell, men no kunne ein nytta hest og kjerre i staden. Sumarstid gjekk det dagstøtt hestar framfor "kalesjetrillor" og "vossekjerror" frå Dalen gjennom Mo og vidare over Haukeli til Odda.

Sjølv om det kan verke som om turistferdsla var stor, hamna Hotel Børte i økonomiske vanskar på byrjinga av 1900-talet. Norsk Kundgjørelsestidende meldte 18 april 1901 at hotellet skulle på tvangsauksjon[4], og den 17. november 1902 kjøpte Margretha Oppedal frå Lofthus i Hardanger hotellet for 11.500 kroner. Seinare tok systersonen til Margretha, Kristen Oppedal, over hotellet.[5] I turistforeininga si reisehandbok frå 1910 står det at hotellet hadde 12-14 senger, salong og spisesal der middagen kosta to kroner.[6] Nils E. Haugen budde nær hotellet og førte reisande over fjellet til Hovden og Breive for tre kroner dagen.[7]

Då bil erstatta hest langs dei bratte vegane frå Dalen, trong ein ikkje lengre nokon pustestad i Mo. "Daa turistferdsla kjem til aa fara radt fraa Dalen til Haukelidsæter, so må mange hotell leggjast ned, og mange skjusskarar misser fortenesta si," uttala heradsstyre i Vinje då søknaden om rutebilkøyring fyrste gong kom opp.[8] Drifta ved hotellet blei lagt ned, og i 1937 blei det solgt, plukka ned stokk for stokk, flytta seks mil til Bykleheii og gjenopna som Bjåen fjellstove i 1939.

Referansar

  1. Nielsen, 1893, s. 85.
  2. Grimdalen, 1996, s. 97.
  3. Grimdalen, 1996, s. 98.
  4. Norsk Kundgjørelsestidende, 18.04.1901.
  5. Grimdalen, 1996, s. 98.
  6. Coll, 1910, s. 309.
  7. Coll, 1910, s. 376.
  8. Henriksveen, 1997, s. 16.

Kjelder

  • Coll, A. L., Skien-Telemarkens turistforenings reisehaandbog : Telemarken, Porsgrund : Skien-Telemarkens turistforening, 1910. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Grimdalen, Olav, Mo bygdebok : kultursoga. B. 2, Dalen, Tokke kommune, 1996. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Henriksveen, Henrik, Bakke opp og bakke ned : rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Nielsen, Yngvar, Reisehaandbog over Norge, 7., omarb. og betydelig forøg. Udg., Christiania : Cammermeyer, 1893. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Norsk Kundgjørelsestidende, 18. april 1901.