Ingebjørg Rud (1852–1925)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingebjørg Rud f. Løvdokken (fødd 1852 i Gol, død 1925 i Flå) var utdanna jordmor. Ho virka som jordmor i Flå i 48 år frå 1872 til 1924. For innsatsen fekk ho Kongens fortjenstmedalje i sølv. Jordmordistriktet omfatta på denne tida også Krødsherad og Nes.

Familie

Ingebjørg vaks opp i ein syskjenflokk med to gutar og sju jenter. Ho var det femte bornet til Margit Embrikksdotter (1820–1911) frå Søre Rud, Ål, og Lars Larson (1817–1899) frå Perigarden Rotneim, Gol. Foreldra eigde frå 1845 garden Lauvdokken i Gol. Denne overdrog dei i 1893 til dottera Ambjørg (1854–1948).

Båe brørne, Ivar (f. 1844) og Lars (f. 1849), og to av systrene, Birgit (f. 1847) og Guri (f. 1857), utvandra til Amerika. Ei anna syster, som også heitte Ingebjørg (1859-1890), hadde planar om å reise same stad, etter mannen som var der allereide, men vart sjuk og døydde i heimlandet.

Den eldste av syskena, Anne (1842–1929), reiste til Kristiania for å gå på jordmorskule, som ho avslutta i 1862. Ho fekk utdanninga finansiert av amtet og virka i Ål jordmordistrikt. Ingebjørg vart utdanna same stad for eiga rekning i 1872. Også den yngste av syskena, Gro (1862–1951) utdanna seg til jordmor og virka i Nord-Aurdal.

Ingebjørg var gift to gonger. Fyrste gong i 1881 med Ola Kolbjørnson Rud frå Flå, andre gong med Elling Tomason Plassen. Båe ekteskapa var barnlause. Vekebladet Nu kunne i 1913 fortelje at Ingebjørg og Elling hadde bygd "en ny, fin Sommerstugu" i Flå.[1]

Virke

At jordmora kunne ha ei stri tørn med å nå fram til ein fødsel, viser beretninga om ferda til Sørbygda i Flå i 1911, den gongen Erik Trommald skulle koma til verda:

De kom paa Is til Kittilsviken. Derfra kravlede de opad Berg i Mørke. Jordmoren havde et stort Shawl. Naar en kom op, trak denne de 2 andre opover med det lange Tørklæe. Undertiden fik man Hest i Kitilsviken. Man virrede Hesterompen om Handen, lot Hesten gaa foran og danglede efter ved aa holde Rompen.[2]

Telefonen var ei nyttig nyvinning for jordmora. I 1912 var linja frå Gulsvik i Flå til Olberg i Krødsherad ferdig, i følgje Nu.[3] Same året beslutta heradsstyret einstemmig å innvilge 20 kr årleg "inntil videre" til innlegging av telefon hos Ingebjørg Rud.[4]

Ho ser også ut til å ha vore med i styre og stell i kommunen. I 1920 stadfester avisa Fremtiden at Rud på siste møtet til heradsstyret vart gjenvalt som vergjeråd.[5]

Rud virka som jordmor i Flå i 48 år. Då ho gjekk av i 1924, fekk ho Kongens fortjenstmedalje i sølv og diplom. Heile heradsstyret møtte opp på Rud, og det var ordføraren som sto for overrekkinga. Etterpå heldt flåværingane fest for jordmora si på tingstova. At ho fekk "et vakkert Møblement, Sofa, Bord, Gyngestol og Stole" i gåve, tyder på at dei sette stor pris på henne. Av nokre gutar fekk ho i tillegg ein korgstol "fordi hun havde trukket dem ind i denne vakre Verden".[6]

Fotnoter

  1. Nu. 1913. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Nu. 1913. Digital versjon på Nettbiblioteket .
  3. Sitert etter: Østro, Terje. Gards- og slektshistorie for Flå i Hallingdal. Utg. Flå kommune. B1: Sørbygda av Gulsvikfjerdingen. 2003. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Buskeruds Amtstidende (Drammen: 1881-1920) 1912.04.16. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Fremtiden 1920.11.30. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Nu. 1924. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder