Ingrid Espelid Hovig

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Espelid Hovig i sitt eiga kjøkken på Adamstuen i Oslo.
Foto: Rigmor Dahl Delphin (1965).

Ingrid Espelid Hovig (fødd 3. juni 1924 i Askøy, død 3. august 2018) var kjend som fjernsynskokk og kokebokforfattar. Ho var utdanna husstellærar, og reiste mykje rundt for å demonstrere matlaging i byer og bygder. I 1950-åra vart ho trekt inn i NRK sine prøvesendingar, og i 1964 vart ho tilsett som programsekretær. Gjennom sitt virke som fjernsynskokk bidrog ho både til å formidle norske mattradisjonar og til å introdusere nye ting i norske kjøkken. Kokebøkene hennar reknast som standardverk for moderne norsk matlaging.

Slekt og familie

Ho var dotter av forretningsførar og herredsagronom Ivar Espelid (1880–1946) og lærar Gudrid Eidnes (1883–1959).

Den 23. juni 1977 vart ho gift med arkitekt Jan Inge Hovig (1920–1977), som var son av lærarparet Johannes Sigurd Hovig og Gudlaug Pauline Tangstad.

Liv og virke

Ho vaks opp på Askøy. Under andre verdskrigen mista ho broren Halldor Espelid (1920–1944). Han var krigsflygar, og vart teken til fange etter at flyet vart skote ned over Frankrike. Han var med då 75 engelske og norske offiserar rømde, og var blant dei 50 som vart tekne og avretta av tyskarane.[1]

I 1947 tok ho examen artium som privatist. Ho gjekk så på Statens lærerinneskole i husstell i Bærum frå 1947 til 1949. Det hadde då vorte vanleg med kurs og demonstrasjonar for å lære opp folk i å lage sunn og rimelig mat, og Ingrid Espelid vart bland anna leid inn av Opplysningsutvalget for fisk for å vise korleis sjømat kan lagast til. Frå 1952 til 1962 var slik omreisande verksemd hennes hovudvirke, ved sidan av nokre kortare periodar som husstellærar.

Da NRK byrja med prøvesendingar i 1950-åra, vart ho raskt trekt inn i dette, og frå 1964 til 1968 og igjen frå 1970 heilt fram til 1996 var ho tilsett i NRK som programsekretær. Fjernsynskjøkkenet vart eit av de mest sette programma. Tryggleiken ved kjøkkenbenken, den pedagogiske framgangsmåten og måten ho fekk sine gjester i tale på gjorde henne til ein av våre store fjernsynskjendisar. Matlaging i studio vart kombinert med reiser rundt i landet, der forskjellige norske mattradisjonar og råvarer ble presentert. Hun begynte etter kvart å reise utanlands også, og bidrog til å «ufarliggjere» ingrediensar som kvitlauk og eksotiske krydder. Dette vart viktigare etter kvart som slike varer vart meir tilgjengelege rundt om i landet. Det var eit viktig prinsipp at maten ikkje berre skulle kunne lagast av dei som hadde tilgang til spesialforretningar i dei største byane. Maten skulle òg vere rimeleg, slik at alle kunne lage den.

Det var òg viktig at maten skulle både sjå bra ut og smake godt, og samtidig vere næringsrik og sunn. Fokuset på det sunne vart i 1980-åra av mange sett som ein form for puritanisme. Persilledusken som skulle leggast på det meste vart et symbol på moralisering. Dette var på ingen måte hennar tanke; som kosthaldsekspert var ho naturlig nok opptatt av at maten var sunn, men dette skulle aldri kome i vegen for matglede. Ho tok kurs i fransk kokkekunst i Paris, og inviterte ofte unge kokker som kunne vise mykje anna enn traust, norsk kost.

I perioden 1968–1970 hadde ho permisjon fra NRK, og ho var da med Fredskorpset i Uganda. Ho gav i 1970 ut boka Som ein dråpe Sand : to år i Uganda.

Ho gifta seg som nemnd i juni 1977. Berre ni dagar etter bryllaupet vart Jan Inge Hovig lagt inn på Ullevål sykehus for ein hasteoperasjon. Han døydde på operasjonsbordet. Gravferda fann stad den 9. juli, dagen før dei to skulle ha starta bryllaupsreisa til Trøndelag. Året før hadde dei planlagt bygginga av ei hytte ved Mokkavannet, teikna av Jan Inge Hovig. Først i 2005 klarte Ingrid Espelid Hovig å fullføre den, og den vart på eit vis ein minnestad for ho.

Den rutete kokeboken frå 1982 vert av mange rekna som obligatorisk for norske kjøkken. Den vart følgd opp av bland anna Gyldendals nye store kokebok frå 1989. Begge inneheld ein blanding av moderne rettar og norsk tradisjonsmat, med forklaringar på alt frå å koke potetar til å lage avanserte festmåltid. Interessa for utanlandske mattradisjonar førte til at ho i 1988 var medforfattar av boka Innvandra mat.

I 1994 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Som syttiåring skulle ho det året i utgangspunktet gått av med pensjon, men ho var som nemnd tilsett i NRK heilt til 1996, og ho var òg seinare gjest i fjernsyn og skrive kokebøker.

VG i 2013 hadde ein kåring av Norges 100 viktigste kvinner, plasserte juryen Ingrid Espelid Hovig på 25. plass, men i folkets avstemming rykka ho opp til 11. plass.

Ettermæle

Graven til Ingrid Espelid Hovig og ektemannen på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2020)

Ingrid Espelid Hovig er gravlagt sammen med ektemannen på Vestre gravlund i Oslo.

Referansar

  1. Sjå Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1, s. 570 Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur