Halldor Espelid (1920–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Halldor Espelid, frå Våre falne.

Halldor Espelid (fødd 6. oktober 1920 i Askøy, død 1944 i Tyskland) var jagerflygar under andre verdskrigen.

Han var son av forretningsførar og herredsagronom Ivar Espelid (1880–1946) og lærar Gudrid Eidnes (1883–1959), og bror av Ingrid Espelid Hovig (f. 1924).

Han fullførte gymnaset før krigen, og den 15. eller 16. september 1940 rømde han til England med M/K «Traust». Han vart sendt vidare til Canada, der han vart utdanna som flygar. Den 27. august 1942 vart flyet hans skote ned over Frankrike. Han overlevde, og vart krigsfange i Tyskland. Den 25. mars 1944 rømde 75 engelske og norske offiserar frå fangeleiren Stalag Luft III. Av disse vart kring 50 tekne, mellom anna Espelid. Han vart teken saman med Nils Jørgen Fuglesang nær Flensburg. Adolf Hitler gav personleg ordre om å avrette alle dei som vart tekne, i strid med Genevekonvensjonane. Dei skal ha vorte skotne i ryggen for å gje inntrykk av at dei hadde vorte skotne under flukta.

Grava til Halldor Espelid vart funnen i 1988 nær Stalag Luft III, i eit område som no er ein del av Polen.

Litteratur