Jørgen Martin Meldal Johnsen
Jørgen Martin Meldal Johnsen (fødd i Kristiansand 11. juni 1833, død i Kristiania 14.mai 1912) var veterinær, gardbrukar og politikar. Han verka som dyrlege og gardbrukar i Solør og Eidskog. Han representerte Hedmark amt på Stortinget 1898-1900, og var aktiv i lokalpolitikken, særleg i dei mange åra han budde og dreiv gardsbruk i Eidskog.
Bakgrunn og familie
Foreldra var kjøpmann, stadshauptmann og stortingsmann Hans Johnsen (1800-1872) og hustru Charlotte Amalie Loss (1806-1879). I likskap med faren var også broren Joseph og dessutan fetteren Johan Christian Johnsen stortingsrepresentantar.
Jørgen Johnsen var gift med Julie Fredrikke Rynning (fødd 21. september 1837, død 25. august 1925). Ho var dotter til trelasthandlar Conrad Irgens Rynning og hustru Albertine Gottwaldt i Kongsvinger. Jørgen og Julie Johnsen fekk fire born:
- Brynjulf (fødd 30. august 1861), kjøpmann i Kristiania, gift med Ragna Helene Kjær frå Holmestrand. Ho var syster til Nils Kjær.
- Rolf (fødd ca. 1864), kontorsjef i Aker herad.
- Marie Hedvig, Kristiania/Oslo.
- Konrad, emigrert til Sør-Afrika.
Utdanning og yrkesliv
Jørgen Johnsen tok veterinærutdanning i København og andre stader utanlands. Han tok preliminæreksamen i København i 1849 og veterinæreksamen same stad i 1853. Rett etter eksamen studerte han vidare ved veterinærskular i Paris, Berlin, Wien og andre stader.
Fyrste stillinga som dyrlege hadde han i Kristiansand 1854-1858. Så vart han utnemnd til amtsdyrlege i Solør 1858, og sat i stillinga fram til 1872. Han budde da i Grue, der han åtte garden Torstensrud. Året før han slutt i stillinga, hadde Johnsen kjøpt garden Pramhus i Eidskog, og dreiv frå den tid av mest som gardbrukar fram til 1908. Frå da av budde han i Kristiania fram til sin død.
Politikk og anna samfunnsengasjement
I Eidskog var Johnsen medlem i heradsstyret, og i 16 år ordførar i bygda (1879-1895) og medlem av amtsutvalet. Han hadde ei rad andre tillitsverv og offentlege oppgåver. Han var overformyndar, forlikskommissær, medlem i styret for landhusholdningsselskapet, skattekommissær 1892-1893, formann i tilsynskommisjonen for Kongsvinger-Flisabanen. Han representerte Hedmark amt på Stortinget 1898-1900, og var da medlem i landbrukskomiteen. Politisk tilhøyrde han Venstre.
Kjelder og litteratur
- Engen, Jorunn I.: Eidskog bygdebok. Bind III. Eidskog kommune 1988.
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914, bd. 1. Kristiania 1914.