J. M. Aardal
Jonas Monsen (J. M.) Aardal (fødd 29. november 1885 i Breim, død 14. mars 1964 i Høyland) var lærar og klokkar.
Han var son av bonde Mons Johnsen Aardal og Gunhild Eriksdotter f. Stokke. Etter konfirmasjonen var Jonas Aardal bakarlærling, men tok seinare eksamen artium og lærarprøva.
Han reiste deretter til USA. I åra 1905-11 studerte han ved Concordia College, Moorehead i Minnesota og var ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota skuleåret 1911/12. Aardal gjekk på lærarhøgskulen ved universitetet i Nord-Dakota 1914-15.
Heimatt i Noreg var J. M. Aardal lærar ved Volda millomskule og gymnasium 1919-23 og tilsett ved Gloppen millomskule og Firda gymnasium 1924-25. Frå 1925 arbeidde han ved Reed skule i heimbygda Breim, samstundes som han dreiv som klokkar.
Han var òg aktiv i indremisjons- og søndagsskulearbeid. Aardal var ugift. Broren Elias M. Aardal var òg lærar.
Kjelder og litteratur
- Døde i Breim sokn i Gloppen 1939-1968
- Jonas Monssen Aardal i folketelling 1900 for Eid herred fra Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket
- J.M. Aardal i Historisk befolkningsregister