Jernvegen 29 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jernvegen 29
Utskilt: 1995
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 641
Type: Bustadseigedom

Jernvegen 29 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført i 1995. Husbyggjaren var:

  • Karl Herman Haugland, f 1972

Han budde på Hovden i perioden 1991-1999, og hadde ymist arbeid i turistnæringa. I det sistnemnde året flutte han til heimbyen Kristiansand, der han (januar 2005) arbeidar som redningsmann på luftambulanse. I år 2000 skaffa han seg hytte på Hartevasstrondi, bnr 261. Huset sitt her selde han til den neste som budde her:

  • Ann Helen Kaarvann Berntzen, f 1967
Barn:
  • Hilmar Børge Wollan, f 1991

Ann Helen er dotter åt Gunveig Kaarvann og Knut Berntzen. Medan ho budde her arbeidde ho ved Skisenteret. Pål, bror hennes, bur i Jernvegen 7, og vert presentert der. I 2005 flutte ho til einkvarstad i nærleiken av Oslo, og selde då huset sitt her til familien Garry.

  • Sean Garry, f 1967
g m Inger Lise Bjåen, f 1967. Born:
  • Jack, f 2003

Sean er snikkar av yrke. Han reknar seg som irsk, men foreldra, Elizabeth og Seamus Garry, bur i England. Inger Lise er dotter åt Åsne Sveinsdotter Bjåen (sjå Bergli, gnr 1, bnr 95), og arbeider ved HovdenFerie. Fyre dei flutte til Hovden budde dei i Dublin.

I sokkeletasjen har Inger Lise og Sean ei utleigeilighet. Han som bur her (2006) flutte hit frå Valle, men er fødd i Bykle. Han arbeider i byggjevareforretninga på Hovden:

  • Asbjørn Tronsen, f 1984

Asbjørn er son til Arne Tronsen og Gunnveig Kaarvann.


0941 Bykle komm.png Jernvegen 29 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jernvegen 31 (Tuftevegen 12) • Neste bolk: Tuftevegen 19-23

Koordinater: 59.5528° N 7.36716° Ø