Johan von der Fehr d.e.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan von der Fehr tok dette biletet av mannskapet på «Fram» då polarskipet kom til Bergen i 1896.

Johan von der Fehr (født 8. juni 1833 i Strusshamn, død 20. september 1906 i Norheimsund) var fotograf i Bergen og Norheimsund.

Han var son av gjestgjevar og skomakar Carl von der Fehr (f. 1806) og Charlotte Rebekka Görbitz (1810-1892), datter av Johan Martin Görbitz, niese av maleren Görbitz. Han vart gift med Helchine Magdalene Eckhoff (15.3.1839-1929), datter av smedemester Frederik Eckhoff og Helchine Magdalene Kaarch (Korch). Dei fekk 14 born, som av faren alle fekk opplæring som fotografar. Nokre av dei dreiv også som fotografer. Han var daguerreotypist og fotograf, målarmeister, fruktdyrkar, gartner og gåsehaldar. Byrja som daguerreotypist i Bergen 1853, vart malermester i 1854, gikk så for ei tid attende til målarfaget, men byrja att som fotograf i byrjinga av 1860-åra. Ei tid dreiv han også saman med sonen Johan von der Fehr d.y. Brødr. Larms atelier.

I 1890 overtok sonen Herman leiinga av atelieret, men då han forlot Bergen etter ei tid overtok sonen Johan det, og senior flytta i 1898 til Norheimsund der han verka som fotograf og gardbrukar til sin død i 1906. Firmaet i Bergen vart selt kort tid etter at dei hadde delteke på Bergensutstillingen 1898.

Verkestader:

  • 1853-1898: Bergen
  • 1898-1906: Norheimsund

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Johan von der Fehr d.e. er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!