Johannes Nilsen Hallan

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Nilsen Hallan (født 6. mars 1822 i Verdal, dødsår og -stad ukjent) var gardbrukarson og utvandrar. Han var ein av iallfall ni karar frå Verdal som deltok i en gullgravarekspedisjon frå Trondhjem i 1850 med California som mål.

Liv og virke

Johannes var son av Sara Jensdotter Rosvold og Nils Pedersen (d. 1826) på Mellom-Hallan i annekssoknet Vinne til Verdal. Mora vart gift på ny med Gundbjørn Pedersen Skrove, som bygsla garden i 1829.[1] Dåpsoppføringa åt Johannes fortel at han vart konfirmert 19. november 1837, og at han på eit tidspunkt var «soldat».[2]

I 1850 var utvandringa frå Norge til Amerika godt i gang sønnafjells, men ho hadde nesten ikkje råka Trøndelag. Men dette året vart ein ekspedisjon av Trondhjem utrusta for å grava gull i California, der det var funni gull to år tidlegare. Ein av dei var Johannes Hallan: Han vart oppført som utflytta frå Verdal til «Californien» 25. september i 1850, og drog ut med skuta «Sophie» i slutten av månaden etter. Med han var 105 andre håpefulle gullgravarar, alle menn, og dei fleste av dei trøndarar.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro, som på den tida var hovudstaden i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennane sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli kolonistar lenger sør i landet, eit tilbod 74 av dei 106 nordmennene slo til på. Da dei kom til den nye kolonien som med tida skulle bli byen Joinville, valte 13 av dei å reise heim med den norske skuta «Colon», som hadde brakt tyske og sveitsiske kolonistar dit. 61 nordmenn valte å bli, iallfall for nokre år, og vart skrivne inn i den lokale lista over innvandrarar.

Ein anonym Levanger-mann skreiv eit brev frå Joinville 2. juli 1851, som vart trykt i Nordre Trondhjems Amtstidende 4. november same år. Han fortel at «Joh. Hallan» er ein av fire karar i arbeidslaget hans, og at dei alle ynskjer å «hilse sine Bekjendte og Paarørende med, at de ere friske og leve vel». Dette er det siste vi veit om Johannes Hallan: Han er ikkje mellom dei som vart buande i Joinville, og heller ikkje mellom dei som kom heimatt til Verdal.[3]

Noter

  1. Verdalsboka 5, side 684.
  2. Johannes i Ministerialbok for Verdal prestegjeld 1822-1830 (1721P) fra Digitalarkivet.
  3. Jostein Molde fortel at Hallan «Skal ha forlatt kolonien i Brasil i 1851. Videre informasjon vites ikke om ham.» Molde, side 178.

Litteratur