John Anderson (1836–1910)
John Anderson (fødd 26. mars 1836, død 1910) var norsk-amerikansk aviseigar, som grunnla og dreiv Skandinaven.
Han var son av husmann Anders Knutsson Saude (1806–1849) og Ragnhild Samsonsdotter Een (f. 1812). Dei bodde på ein plass under Saude i Borstrondi fram til dei reiste til Amerika i 1845. Det var tre born med på reisa, men berre eldstemann John kom fram. Dei to andre døydde på vegen, ein på havet og ein på kanalen nær Buffalo i New York. Guten hadde Knut som døypenamn, men det er ikkje eit namn som er lett å uttale rett for amerikanarar. Av ein eller anna grunn valde arbeidskameratane å kalle han John, og det namnet tok han sjølv etter kvart.
Han vaks opp i Chicago i Illinois. Faren døydde i 1849, og John måtte difor tidlig ut i arbeid. Han byrja med å selje eple og å bere aviser, og etter ei tid fekk han jobb i ein kjøtvareforretning.
I 1866 fekk han starta opp Skandinaven, der han var forretningsførar og styrte prentinga. Knut Langeland var den fyrste redaktøren. Ved sidan av avisa dreiv han óg John Anderson Publishing Co.
Anderson fekk i 1903 St. Olavs Orden av Oscar II for sitt arbeid med avisa.
Kjelder og litteratur
- En Udvandrers Erindringer : fra Livet i Norge og Reisen til Amerika. Utg. Per A. Holst forl.. 2014. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Utvandring frå Voss til Amerika : eit 150-års minne. Utg. Sogelaget. Voss. 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Voss Avis 1910.03.19. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- John Anderson i Historisk befolkningsregister
|