John Jensen (1885–1940)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
John Jensen, fra Våre falne.

John Lauritz Jensen (fødd 16. oktober 1885 i Bokn, død 31. mai 1940 på Sletta) var los i Bergen. Han omkom då skipet han var los på gjekk på ei mine.

Han var son av los og gardbrukar Nils Jensen (1857–1947) og husmor Torborg Elisabet Jensen f. Vatnaland (1856–1942).

I 1912 vart han gift i Sandnes med Hanna Normann (1884–1947). I 1920 budde dei i Øvregaten i Bergen. Dei fekk ikkje barn.

Den 31. mai 1940 gjekk han om bord i D/S «Jadarland» som los. Under kryssinga av havstykket Sletta utafor Haugesund gjekk skipet på ei mine. Skipet sank på berre eitt minutt, få dagar etter at eit anna skip hadde gått på ei mine i same område. Mannskapet var på 24 mann, og i tillegg var det med passasjerar. Det var ikkje lett å finne ut kor mange passasjerar det var om bord. Ein rutebåt som dette trengte ikkje å føre passasjerlister, og ingen hugsa heilt sikkert kor mange som hadde gått om bord. Men det må ha vore minst 47 om bord. 26 vart redda, 13 frå mannskapet og 13 passasjerar. Då var det att 21 personar som var omkomne eller sakna. Båtane som kom til plukka opp så mange dei kunne, både levende og døde, men nokre vart aldri funne.

John Jensen vart funne livløs i sjøen, og vart teke opp i ei sjekte. Han vart erklært død i Haugesund. Jensen hadde arbeidd for Sandnæs Dampskibsselskap i 34 år.

Jensen vart gravlagd på Føresvik kyrkjegard i Bokn den 6. juni 1940 under stor deltaking.

Kjelder og litteratur