John Pedersen Gylland (1878–1947)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rokk laga av John Pedersen Gylland.
Foto: Alice Coppa (2015).
John Pedersen Gylland sin signatur på same rokk som på biletet ovafor.
Foto: Alice Coppa (2015).

John Pedersen Gylland (fødd 1878 i Horg, død 1947 same staden) var rokkmakar og tømrar i grenda Gylland i Horg, no i Melhus kommune.

Han var son av gardbrukar og rokkmakar Peder Roaldsen Grinde (1854–1906) og Kjersti Johnsdatter Gyllsveet.

John Pedersen var andre son – og andre born – i ein syskenflokk på ti der alle levde opp. Han vaks opp på bruket Løkken, der farfaren hadde vore husmann og som faren hadd fått skøyte på i 1899. At han vart rokkmakar er ikkje å undrast over, for det var óg faren, farbroren Ole Roaldsen Grinde, farfaren Roald Olsen Grinde og morfaren Roald Olsen Grinde. Rokkproduksjon var eit viktig handverk i Gylland, og besteforeldra hans var aktive på den tida den såkalla Gylland-rokken vart utvikla kring 1850. Óg broren Roald Pedersen Gylland lagde rokkar.

Etter å ha arbeidd som rokkmakar i bygda ei tid reiste han over til Amerika. Det er mogleg at han var over ein tur i 1901, og så kom attende. I 1925 veit vi sikkert at han drog over til Canada med «Stavangerfjord».[1] Han kom så attende etter nokre år, og døydde ugift i Horg i 1947.

Referansar

  1. John Peders. (Gylland) i Emigranter over Trondheim 1867-1930 fra Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder