Jon Løyland (1887–1975)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Postkort med «Ingebjorg og Lande-eiki».
Foto: Jon Løyland

Jon Løyland (født Jon Olavson Løyland 22. november 1887 i Valle, død 8. juli 1975Grendi i Bygland) var gardbrukar på Lande i Grendi i Bygland kommune, lærar fleire stader i Aust-Agder, forfattar og fotograf.

Familie

Jon Løyland gifta seg med Gyro Løyland f. Olavsdotter Hovet (1896-1990) i 1918, og etterlot seg barna Olav J. Løyland (1919-2010), Gunnar Løyland (1922-2016)[1], Bjørgulv Løyland (1923-2017), Liv Løyland (1925-1980), Gyrid Trydal f. Løyland (1926-2012)[2], Sigrid Engen f. Løyland (1928-?) og Ingebjørg Thue f. Løyland (1929-2021)[3].

Virke

Han var oppteken av kulturhistorie, og samla folkeminne i ei bok. Eit manuskript som truleg skulle verte eit framhald av Gamalt or Sætesdal, vart gjeve ut i 2008, redigert av Leonhard Jansen. Mykje av stoffet var kjent frå hans foredrag rundt om i Agder. I boka er det også bilete han sjølv tok. Han skreiv i 1945 om seg sjølv: «Har drive litt fotoarbeid og fått laga prospektkort i over 20 år. Har vore lærar. No bonde og husflidsarbeidar». Arbeidet som han utførar er «Fotografering, kopiering, forstørring etter film».

Løyland fekk stipend frå Norsk Folkeminnesamling for å samle folkeminne. Innsamlinga vart gjort i 1920-1922 og inneheld mellom anna segner, rim, regler, viser og merkedagar.

Agder historielag vart skipa i 1914, kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalsmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloptet. Både museumssamlinga og biletsamlinga er i dag på Setesdalsmuseet.

Lande (57/2) og Løylandsloptet.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Sjå også

Fotnoter

  1. Gunnar Løyland på Setesdalswiki, besøkt 17. februar 2023.
  2. Gyrid Trydal på Setesdalswiki, besøkt 17. februar 2023.
  3. Ingebjørg Thue på Setesdalswiki, besøkt 17. februar 2023.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Jon Løyland (1887–1975) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.