Karl Herschel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Herschel (1821/22–1891).

Karl Herschel (1821/221891), òg kjend som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd asjkenazisk jøde som blant anna er kjent for å ha skrive boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for å ha debattert med blant andre Bjørnstjerne Bjørnson.

Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det daverande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifte han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytte snart etter til Göteborg. Derifrå flytte dei til Bergen eit par år etter, og med unntak av eit to års opphald budde Karl og familien hans i Bergen fram til Karl dødde i 1891.

Karl og Anna hadde desse borna:

  1. Leon Herschel, f. 1854 i Brody, forretningsmann og omsettar; gift med Mathilde Hansen, og eldste dotter deira, Augusta Herschel, var mor til Torborg Nedreaas.
  2. Rosalie Herschel, f. 1858 i Bergen; gift med Oscar Ourchudesh
  3. Fanny Herschel, f. 1861 i Bergen; gift med Leo (Leopold) Ourchudesh. Fanny dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
  4. Sara Herschel, f. 23. juni 1862 i Bergen
  5. Herman Herschel, f. 1865 i Bergen. Herman var fotograf. Han dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
  6. Ein son fødd i Brody — dødde ung
  7. Frida Herschel, f. 29. desember 1872 i Bergen

Verk

Kjelder