Kjeldearkiv:Å bu på bygda (Magnar Høydal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Å bu på bygda
Kjeldeinformasjon
Sted: Høydalen i Volda kommune
Nedtegnet: 2024
Metode for nedtegning: Egenforfattet av Magnar Høydal
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.
Elin Høydal bakar lefse.
Foto: Magnar Høydal
Magnar Høydal strør sand i oppkøyrselen.
Foto: Elin Høydal

Å bu på bygda – bitar frå eit liv. Tittelen gir rom for det meste. Frå mi første tid budde eg heime med foreldra, farmora mi budde i same huset, det var også skikken. Nabolaget var heller ikkje så stort at det var noko problem med oversikta. I skulen var ei jente i same alder som eg, og når me skulle gå for presten, som det heitte, måtte me ro til Hjorthaug med syklane i båten for så å sykle til Volda. Presten ville ikkje ta hen -syn til kva dagar det var rutebåt til Høydalen. «Farane» våre hadde vist snakka presten til rette, så seinare fylgde me rutebåten. Bygda me voks opp i var Høydalen, og bygda var veglaus og i seinare tider var ofte det påskotet til uendelege diskusjonar, ofte med god temperatur, særleg i vegsaker heilt til den eine eller begge partar måtte ty til avisene for å få lufta ut trykket. Den aktiviteten tok «vaksne» karane seg av.

Eg trur at min oppvekst ikkje var så mykje annleis en det mine jamaldringar i andre bygder hadde. Å bu på bygda slik det var på 30 talet var i grunnen greitt. Når ein kikar attover, så er det også konklusjonen. Eg har høyrt av andre att fyrste skuledagen var noko alle hugsar, det gjer ikkje eg, - men eg har vore der, det er raudfargen i gamle stilebøker eit sikkert teikn på.

Når sjuårig folkeskule var unna gjort så skulle det starte opp eit framhaldskulekurs i Austefjorden. Det vart eg med på, der var mange av elevane to til tre år eldre en eg, så det likna på eit oppsamlingshit. Me hadde det i all fall kjekt med ein ung og sprek lærar, Har høyrt noko om att han vart departements råd etter kvart. Når dette skuleåret var omme var eg bestemt på at no var det nok skule. Foreldra ville at eg skulle fortsette og når dei fekk vita at Kjell (syskenbarnet mitt ) skulle gå på ungdomsskulen i Borgund så greidde dei å få meg i veg, men det var etter at eg fekk vita at eg skulle få dele rom med Kjell.

Noko eg hugsar er når far sat i kjellaren og pinna sko. Den greia lærte eg meg tidleg. Det var Vike Elias som hadde sydd skorne mine, eg ha gnagsår på hælen heile tida. Å klage var lita hjelp, Når eg skulle lappe oppatt pinna skoa mine, fekk eg truleg hjelp til å skjere ut emnet, sjølv om det låg i vatn var det vanskeleg å få kniven gjennom. Lappeled er ikkje det enklaste å skjere i. Når emnet var opp bløtt så slo ein med skohammaren mot jarlesten ( kunne godt heitt jarnlesten) så ein fekk ut vatnet. Med to små stiftar festar ein solen på skoen på korrekt stad og vidare er det ei dobbel pinnerad rundt solen. Det var når far sat å pinna sko han lærte meg 7-gangen, det var eksaminasjon på kryss og tvert og aukande tempo, frå den kvelden har eg 7-gangen inne, kunne gjerne vore fleire på same viset.

Då var arbeidslivet neste utfordring og eg var i 16-, 17-årsalderen. Det vart L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen som vart arbeidsplassen min i mange år. Militærtenesta dukka opp, men kva skulle eg ta først, landbruksskulen hadde svirra litt i haudet på meg. Ringde til rektor Eirik Ås på Gjermundnes, han anbefalte meg landbruksskulen først, og slik vart det. Året 1957 i januar var eg på plass til heilårskurset på Gjermundnes, eit triveleg år og mange nye ansikt. Me vart i lag med to vinterkurs så det var mange trivelege karar, som eg og har treft att seinare.

10 januar 1958 møtte eg på Helgelandsmoen til militærteneste. På denne tida var fyrstegongstenesta 16 månar. Rekruttskulen var på Helgelandsmoen, fagopplæring på Økern og vidare til Heggelia leir i Bardu etter først ca. 14 dagars perm heime. For tur nordover møtte me om bord i Hurtigruta i Ålesund, for reise til Finnsnes, me var tre på kvar køy. Sommaren 1958 søkte eg om jordbruks perm. Den fekk eg innvilga, far hadde skaffa tilråding frå landbrukskontoret i Volda, så midt i slåtten var eg heime i 14 dagar. Når eg kom attende til avdelinga mi så hadde Våpentroppa flytta frå Heggelia til Rusta leir. Rusta Leiren var ny så gjerde rundt leiren var ikkje kome på plass, men det ordna seg etter kvart. Rustad var ein god leir å tenestgjere i, så me treivst godt. Rundt 10 mai 1959 skulle me dimittere og etter som tida nærma seg vart me nok sløvare i tenesta. På denne tid hadde me ikkje lov å ha sivile klede på rommet, i høveleg tid før dimittering var eg på Handelslaget på Andselv og kjøpte Jakke og Bukse. Den låg på vent der til eg skulle skifte til sivil, andre kle fekk eg sendt heimanfrå. Så når me kunne stille i sivil så var det ei stor oppleving.

Like før 17 mai 1959 var eg heime att. Hadde då vore eit år ,1957 på Gjermundnes, så frå januar ,1958 til mai 1959 militærteneste. Alt i alt var det ei lang periode eg hadde vore heimanfrå. Det vart som venteleg noko gardsarbeid i fyrstninga, far følte vel på at han gjerne ville ha litt hjelp. Han hadde hatt god hjelp av Jostein som då var i 15 års alderen. Traktorkøyring på garen hadde han beherska frå han var 9, så den biten var grei. Etter kvart som eg fekk trening som sivilist hamna eg på min gamle arbeidsplass, på båtbyggjeriet. Det skulle byggast ny skule i Høydalen då vart det litt veksling mellom båtbygging og bygningsarbeid hos Einar Skrede. Og når han skulle bygge skule i Steinsvika vart eg med. Det er eg nøgd med, det var då eg trefte Elin, me vart gift i 1966 og har sidan budd i lag – slik tittelen på dette fortel.

Det midlertidige er det einaste beståande, kan sjå slik ut i det minste. I 1961 kom «Hai» til Vik for ombygging. Det vart ny keising og nytt overbygg med galgedekk på begge sider og ny lugar og kahytt. Meiner og hugse at det også vart laga agnrom framme i lasterommet. Det vart nok som vanleg kledt med polyester med eiga luke på dekk. Slike arbeid tek ein del tid og når me var ferdig var det ikkje nokon ny båt å ta til på. Difor avtala eg med skipper Peder å vera med «Hai» på fiskje den komande vinteren. For meg er dette ei ny erfaring, det vart fyrst seifiske med garn seinare sildegarn og når våren kom vart det tur til truleg Aktivneset med seidegarn. Den turen var ein tur i gode veir, hugsar at heile garnlenkja flotna, stod så lenge og bløgga at tommelen var heilt visen. Me fylte opp rommet og det var laurdag når me kursa for Ålesund i strålande sol, kom inn etter ca. 9 timars gonge, og skulle levere på Ellingsøya. Denne bolken var bustaden min stort sett om bord på «Hai».

Her får eg lyst til å ta med ein linetur, meiner det var til Tampen og trur det var etter me hadde vore på Aktivneset med sei garna. Er usikker på kor mange timar gange det var ut frå Fosnavågen. Kanskje rundt 9-10 timar. Så vidt eg hugsar hadde me opp storseglet og det vart nok eit pluss på farta. Djupta på Tampen er truleg rundt 120 m. Etter ca. to tre døgn med drift bles det opp om natta og linene måtte dragast opp snarast. Å sjå havet slik var uvant for meg så eg gjekk opp i ror huset til skipperen. Natta var mørk så han brukte lyskastaren flittig, då fekk eg sjå korleis brota bygde seg opp vidare opp til dei ikkje heldt saman lenger og bryt ut. Derfor brukte skipperen lyskastaren for å styre unda brota, hadde ein fått eit slikt brot nedover baugen er sjansane små for båten å kunne bere det. Me bakka i ca. 1 til 1,5 døgn. Då sette me ut ein dregg med 3 blåser for å teste straumen, tredje blåsa vaka så vidt. Me venta i 2,3 timar og prøvde på nytt, då hadde straumen minka til ca. 1,,5 blåse. Det var brukande for vidare drift og linene kom i sjøen at. Krafta i straumen var imponerande så denne opplevinga har eg hugsa sidan.

Etter kvart overtok me garden heime etter mine foreldre, og bygde ny fjøs og løde og bygde om på bustadhuset og nesten sjølvsagt måtte me dyrke jord, det låg liksom i lufta. Alibiet var vel i orden når eg hadde gått 1-årskurset på Gjermundnes. Kva eg hugsar best av skulen eller det som kom inn i praksis kan gjerne diskuterast. Trur nok praksis delen er den leiande, eg har alltid følt at praksis sida er mi side. Når me dyrka på Bulagjerdet og i Myrane så var det mange grøfter å grave og mykje stein som skulle handterast, løysinga då vart ei gamal Hymas gravemaskin, stod på ein Ford 5000. Ein del skruing før den var fullt operativ. Bulagjerdet var så steinrikt at ein kunne mest tru at det skulle verta vanskeleg å få fram grøn avling. Det vart lest opp ca. 800 lass stein som vart brukt for å fylle opp mellom holmen og bakken ovanfor. Skulle gjerne lagt ut nokre datoar for framdrifta men me sjølve fekk oppleve gode grasavlingar og då er slitet gløymt.

Dyrkinga i Myrane vart meir prega av drenering sjølv om der også var mykje stein. Både på Bulagjerdet og Myrane leigde me stor maskiner som tok grovarbeidet, grøftinga vart gjort med egne maskiner, det tok si tid. Når ein får bruke litt tid til oppgjødsling og bearbeiding av nybrot då er gleda på topp når ein får køyra forhaustaren for fyrste gong i frodig eng. Livet som bonde kan vera slitsamt men slike stunder som eg har nemnt her, det gir verkeleg varig glede. Meir avling gjorde at me måtte bygge ny og større silo, det vart ein betongsilo 6 m diameter og mellom 6 og 7m høg. Slik var me vel fornøgd nokre år men ingenting varer evig. I mars 2008 hadde me kjøparar på mjølke kvota, kvota og mjølkekyrne vart selde til bonde på Stranda, namn ? på Stranda og han selde nokre dyr til andre naboar. Dette utvikla seg nokså fort, då sat me att med nokre ungdyr som me selde etter beitesesongen. Brenne skulle bygge ny fjøs og ville bruke fjøsen vår i ei kort periode for avsina dyr. Slik vart det men periode vart lenger enn me sette pris på. Når så fjøsen stod tom følte me at eit avsnitt i livet vårt var til ende. For min del vart retninga uventa då Arnfinn Kjelland, redaktør for Busetnad soga for Volda, spurde om eg ville registrere bilde til Busetnad soga. Hugsar at eg spurde kva kurs eg må gå for å få til det, nei sa han det skal du få lære av meg. Frå og med band 3 og til det siste, band 6 fekk eg vera med på dette. Dette er noko av det kjekkaste eg har prøvt, nokså stor forskjell frå grøfting og andre aktivitetar eg har be drive. Om eg stod fast med eit eller anna så var løysinga ein telefon til Arnfinn, enklare kan det ikkje bli. Til band 3 som er Austefjord området var det stor tilgang på bildar, kan ha litt med at museet ved skulen har virka oppdragande. Det vart skrive i Møre om at det var av fotografering ved fylkesfotograf Albrektsen. Folk kom med så mykje bildar at han stod i to dagar og fotograferte. Same opplegget fungerte ikkje i resten av kommuna. Der måtte ein prøve med meir personlege kontakte. Sume stader i bøkene skulle det gjerne vore meir illustrert, men bøkene kom ut og er i dagleg bruk rundt om vert det fortalt. Når eg heldt på med bilderegistrering arbeidde Elin i helsevesenet i kommunen. Den eine dagen er gjerne lik den føregåande. På det viset endrar ting seg umerkeleg og ein merkar at tida har kravt sitt av oss båe to. Eit uhell endra aktivitetsnivået for min del og me har alltid vist at før eller seinare måtte me finna ei enklare buform. Samtalen med Raymond ga nokre nye tankar som etter kvart ga gode innspel, som mellom anna dette som er beskrive her.

Ein dag fortalde Raymond at systera hadde overteke heimegarden på Hjorthaug. Skal ikkje du også ha ein gard spurde eg, - hadde du spurt for 10 år sidan hadde eg svar ja med det same sa han men no må eg tenkje. To dagar seinare kom han att, - eg svarar ja likevel eg, sa han. Frå dette utgangspunktet utvikla det seg, då syskena mine ikkje ville verta bønder på Bøen, var det vår tur å tenkje, men med eit så positivt svar frå Raymond var me sterkt letta. Etter kvart fekk Raymond konsesjon på garden som då vart seld til han.

Me hadde sett i Møre at det skulle vera visning på Volda portalen og dermed vart det ein Volda tur. I lag med meglar gjekk me gjennom heile bygget, me hadde på førehand merka oss ei leilegheit som me kunne tenkje oss. Det sa me til meglar som gjekk saman med oss, datoen var 27 april 2023, og 10 minutt etterpå hadde me skrive under, og avtalen var i boks. 16 august skal me overta leilegheita og den 17 august hadde me første overnatting i vår nye heim. Vår nye heim er i det som vert kalla Volda portalen, der er to bygg med i alt 30 leilegheiter. Me bur i etasjen over Kivi butikken altså manglar me kaffi så er det berre å ta heisa til butikken. I same området er apotek og Intersport har der sportsforretning. Og rett ved har aktiv trening eit treningsstudio, prøvar å vera der tre gongar i veka. I underetasjen er det parkerings kjellar og der er det ei bod for kvar leilegheit. Me er nøgd med leilegheita og har følt oss vel frå fyrste stund. Når me skulle flytte frå Høydalen der me budde i to til tre etasjar så lurte me på korleis me fekk plassere tinga vore her på 70 m2 , men det gjekk bra, takka vere dei me er tante og onkel til som ville ta imot nokre av tinga me hadde hatt. I tillegg til 70 kvadrat så har me ein stor terrasse med dør ut frå stova, så det fungera som pluss på stova.

Kilde