Kjeldearkiv:1887-03-15 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-03-15 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 15.3.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 23
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 15/3. 87.

Kjære Kristian!

Nokor pligt vøre dæ no ikkje eg svikta, um eg let vera å skrive denne gongen etter den lange remsa eg senda sist; men så er dæ fulla folkelegast å yte ivegen ein skarve lap lel. Du krev: “ein dugeleg rapport” – ja så! Å, eg tænkjer, eg skal råme dæ sjøl; dæ lyt vera eit måt på og dæ kjem ikkje folioark te kvar gong, skal jeg sige os.

Men kor heppen du var mæ å gjenomføre dæ meste av plana di, du! Eg ynskjer tusenfoll telykke mæ fyrste delen og, eg tænkje, eg gjenne kunde gjera dæ mæ den andre au! Ser du! væra er ikkje værst lel, når ein berre kan treffe kløiven på henna. – Ja så går dæ ikkje så fort mæ å gjennomføre korkje fyrste eller andre delen av plana, du la for meg, da. Til idag har eg ikkje gjort dæ mindste slag på den leia, og, Gud veit når eg “kasta laust” au, som Lomværen sa. Å, sætt ikkje på å bruk kjæften på meg no, førr du fær sjå, eg kan gjera underverk av arbei eg, ser du, når dæ knipes; (eg har no alder gjort dæ, da, nokongong, i stille måte sagt.) No har eg så rundelegt nok av bokbindingen og kveldskula, at eg vinnst ikkje alt dæ held. Mæ skula går dæ bra: eg har væl så tjuge elevar framleies og dei er vorte slike avråne klyppare i reiknskapshold, at dæ er ein spegjel. Så driv eg dei mæ sunnheitslære og “populær” naturkunnskap så dæ berre smell i veggjom og derattåt – gjev agt! tvostemmig sang. Jau, dæ er regti sannt, men dæ er rart. Dei syng ein heil bråte mæ tvostemnde sange og desse sangtimane dei er både eg og dei så glae i, at dæ er svært. Eg har tekje fat på fela att no, sia dæ lei på, og friska upp att notkunskapen min og arbeidt upp att måle mitt noko au, så at eg er ikkje reint ibeit mæ å øve inn ein sang, når han ikkje går altfor høgt. Så har eg no go hjølp av den yngre brorn min da, han er no slikt eit sangdjur, han. Eg tek meg fram, ser du. Korlængje eg kjem te å halde skule framover heretter veit eg ikkje så vist, men længje bli dæ fulla ikkje; eg lyt skure dei duglegt i geografi og diktat førr eg sleppe dei. Vi har livt oss så ihop på kveldskula ivinter, at vi er vorte som ein stor systkjenflokk og vi kjem nok te sakne desse kveldom alle og eg ikkje mindst. Som eg vist førr har fortalt deg, enda vi gjennast mæ ein leik: 3 time undervisning te kl 10 og så leik dei te 11 og ½ tolv. Eg har ikkje vore mæ å leikt ivinter, dels har eg vore kjei og dels uløtta; men no for eit 14 daga sia gav eg meg mæ å leike “Pål sine høno” og dæ ha eg ikkje gjort førr sia i Seljord. Og seinar ha eg låta vore mæ kvar kveld så dei har sprængt meg mest sund. Eit par gonger har eg traktert kaffe på dei og no siste laurdagskveld kom jentone, ser du, mæ eine vaffeltalliken etter den andre og sprengde oss mest sunn mæ mat og kaffe da vi ha gjort frå oss bokholderitimen. Da vi så baketter fækk frå oss skuletimane peiste vi på å leikte “tjuven”, dansa “kurven” og “Pål sine høno” radt te kl. 1! Ja slikt går dæ te.

Men trur du di, du, at eg fækk brev frå Utgaren i førre veka? Jau, bitterdø, gjorde eg så og dæ frå sjølve Nils Botnen au. Og kan du gjeta på, kva han vilde meg? Jau, eg skulde leigje ei gjeitbudeie åt honom og J. Sigvaldsen, dei vil læggje iveg mæ gjeitstel på austlandsvis uppi Åmotsdal tesomars. Der skal du få ei Vågejente på skulen åt Ullmann! – for dæ som ein elding igjenom skåla på meg. [...] Eg skreiv åt henna Kari Stokstad i raue rappe og korleis dæ no går veit eg ikkje; fær ho dæ, ho forlanga i løn, kjem ho vist te å ta ut, enda ho kvidde seg stygt for reisa, for ho er oskegris ho au, ser du. Kven eg fær te å reise, så lyt eg no freiste å få ho te gå på skulen te vintra og Botnen fær beinke te så ho fær vera i huse hjå Ullmann på ein billig måte. Te næste gong eg skriv skal du sakte få høyre einkvart um denne mission.

Markje ligg berr te melies her i dalom etter dæ framifrå govære vi ha eindagen eit 14dagas ti – no dei siste dagane har dæ vore kjølegt noko. Vi venta ein tileg vår. Intet videre dennegang uden en flittig hilsen til dig fra mine brødre og mig!

Din

Ivar.

Ja, du fær årsaka, dæ er sengjeti og eg har halde på å forgjyldt bokryggje idag, så eg er mest kjila!