Kjeldearkiv:1887-03-21 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-03-21 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 21.3.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 24
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 21-3-87.

Kjære Ivar!

Huff! no er snart heile herlegheita slut fallera! Men skal eg so til å gjera upp årsrekneskap for å sjå kor myket klokskap og visdom, eg har fåt inn i hausen min for dei fire hundrad kronorne, som er gåt i vasken, so – ja so kryp det kalde ispile – istappe nedigjenom ryggjepipa mi. Forsyne meg, blir eg ikkje dummare og dummare di lenger det lid, blir eg; anten det no er av di skolten er so fullstappad, at det ikkje er albogerum derinne; held han enda skal vera likso tom som eit låvgolv i april månad, skal eg ikkje segja. Eg trur nærast det siste, endå eg ein gong imillom kan merkja eit og annat pusleri ruklar derinne, men straks so svarvar det rundt, so eg bildar meg inn, eg har sama sjuka som ørgjeiti. Nei den skulde alder vigja livet sit åt tankearbeid, som har so kjørkje ei tankemaskine, at han ikkje kan vinda og rekkja av seg, som av ein annan garnhespil, anten det so skal vera med munn held pen. Det er vel ei slegtsarv det med. I det heile er ikkje bønderfolk tamde upp med å bruka dette slags verkty. Gamle embætsmannsslegte har sterkar odlat den sida. Um dei som oftast er so tunne og lette at dei flyt upp, er ei annor sak. – Nei me er og blir skapte til molduksar og jordorme, men når det blir fleire marke held moldi vil hysa, so – ja so [...]. Å du kor hjartens illnøgd eg er med all ting. Verdens Gang, Framgang, Vestlands-Lars[1] og fleire til er kongelege patentsladderkjeringor. Den nye literatur? Døgnskrift frå perm til perm. – Kor ein snur seg av, grip ein i ein kok med sur kallgrautmeisk – jau Edda hin fornu og Olav Asbjørnson Vinje lyt eg halda varlegt unda – – Ja men so skap noko som duger sjølv då din slamp, og ikkje sit berre bruk stygg kjeft! – Å jau pyt! Graut! Det vesle eg puslar med sjølv er so usselt, det gjerer meg so arg, at eg skulde spytte det kvitt. – Å eg ser nok, du grin og nuskar i øyrskjegget og kallar meg ein vigtigper; men so skal du vita, at djæven brennsteikjingen er det ikkje sannt kvar evige tøddel. (No slo eg i bordet.) Men eg som skulde freista å lirka og lirka for å narra deg hit ned, og so sit eg og ber meg, som ei barnsengkjering jamrande i “høgan sky”. Nei skulen skal stå lika stor. Det blir vel helst fordi, eg jamrar at svarvaren har sitet i an’smannstanke då han svarvad hjernekista mi.

Å jau du hadde nok alt for ret, då du delte plan min i tvo dele. Den fyrste, som sagt, lagat seg meir held etter vonom; den skal nok flaska seg. Men den andre – um lærarplassen, lærar i histori, i fysik, i astronomi, i morsmål “Til hr. høiskolelærer K...P...” – ja det er og blir i all evighed siste delen – er og blir “smukke talemåder”. Nei, når ein alder finn vyrket sit, so går ein gjenom verdi, som ein postmann der har mist alle brevi sine; ein går ærindlaus. Ender å gong tykjer eg det ser so skikkelegt ut at alle skrottar skulde vera skapt til nokot – til ærindsveinar kvar på sin vis, men eg blir til overs kusser. Jau eg vonast kor det kjem frå. Eg har alt til idag livt på slik halvsjuk innbildning – det vil segja, eg har gåt rettat ein stor lang lykel hit og dit ikring meg burt i vedret ventande på ein forgylt port skulde springa upp på vidan vegg, inn til den sal der hylla mi var uppslegjet, kan du vel forstå. At ein lyt byrja på nedste stegjet og sparke og grava seg tumme for tumme og tilslut “forgå i sværmen” utan at porten nokon gong spring upp, har eg ikkje tenkt etter. Amerika? Jau då kjem fyrst krona på verket. Nå ja! Når eg ikkje [har] fåt annat ut av vintern, so har eg då idetmindste fåt greide på dei beste kjeldom til å hemta all slags kunnskap frå og attåt fåt eit nokosonær trufast grunnlag til å byggje smått um senn vidare på eige hand. – Som det då ikkje går meg som nautet, at eg svelt ihel med’ graset gror. Ja maten ja! Han er no både Alfa og Omega han styggen. Hei du – no fekk eg ein ny plan: Eg slær meg til her i 5 år som tenestkar; det er 200 kr. pr. år, altso 1000 kr. So kjem eg heim og kjøpe ei stove uppi ei bergeklovo og ... Å – det duger vist ikkje det held. Nei so dreg eg held jordi rundt på villan fot og syng for barmhjertige og medlidende folks døre, og slær meg med det sama ned som misjonær på Madagaskar.

Ja no er han natgamal denne brevstumpen. Huss! det har voret eit skafikt på meg i går lell, ser eg; rektig eit styggelon. Eg hadde so travelt med meg sjølv, at eg ikkje ein gong gav meg tid å segja takk for dei tvau siste brevi, både det store og det vesle – både gauken og den vesle fuglen som fylgjer med. Men so vil eg gjera det no ret hjartelegt. Gjilde brev har meir å segja for meg held nokon trur skal “a sei was”. Nå då! Eg vart reint valhendt! Ja det er best eg fortel, kor det bar til. La Cour tok idag avsked med skulen. Han skal til Bergen og buskapa der ein månads tid med å halda foredrag. Og so “viste vi ham den siste ære” ved å fylgja honom åt stasjonen og gjeva ’om ein sang og nie hurraer med på ferdi. Heile flokken – alle 150 – traskad med i regn og lort og slabb den gode fjerdingen. Å det var vel kurompa som hekk unda att her kanskje, men um so galet var; det var nokor ære i det, så har han no fortent ho, la Cour. Han er no “skolens lys”, han. Som lærd vitenskapsmann og menneskje er han reint mit ideal av ein kar, og eg er viss på, eg kjem alder til å halda av nokor dansk sjæl, som han. I Schrøder vil eg no ikkje byta han burt, um eg so fekk ein stut i millomlag. Men det er ikkje nemnan smør freda’n, sa kjeringe – det er ikkje meir held ein la Cour held. – Det namngjetne tonehjulet, han har funnet upp har du nok høyrt um, men no på det siste har han hitta på noko likso morskt. Det kallast “Spektrotelegrafi”. Ei innretning serlegt for sjøfolk til å telegrafere frå langt utpå havet i uvedr og myrkje um skjeppet huskar alder so myket. Han steglad det upp for os her ei nott, men me skulde tegja, for han vilde ikkje syne det klobert fram endå. Nokor skikkeleg beskriving av det, kan eg ikkje gjeva so i ein ruff. –

– I april månad blir eg her i Askov. Eg har leigt meg hus hjå fotografen[2], og so skal eg få arbeide ender å skeid i hagen åt Schrøder, so eg tener maten. Gartnaren[3] betalar meg for timen, so eg kjem og går, når eg vil. Åsmundstad’n har fåt seg arbeid ute hjå A. Pedersen, lærar i lov og ret. Ein annan landsmann har fått seg lærarplass hjå Kirkeberg i sumar – gjentelærar. Og soleids legst det litet på kvar. Ein tridje landsmann – ein høgskulelærar frå Trøndelagen[4] – strauk for 8 dagar sidan. Han vilde åt Kristiania og gå på “forelæsningerne” hans Sars utover sumaren. Kvelden førr han strauk, hadde me kalas, kan du vita – drakk pons og skålad og klinkad. Me fekk lidt i hatten måta og so var det ikkje annat prat på tunga held “kjæresterier”. Å me er alle so uppglødde på å få ei kjerring, at det er ein spegjil. [...]

So du er vorten misjonær du? Eg har au freistat umlag det sama. Eg skreiv heim, um det ikkje fans ei einaste gjente som vilde koma hit ned eit års tid i meierilære. For eit år fær dei mest so pas løn, som går med til reisa både att og fram, og eg vilde javnvel freiste skaffa plass. Held um ikkje ei vilde få seg tenest eit år held so som “pige” hjå ein gjild valprest held som uppvartargjente på ein høgskule. Både delar er høgskuleferd god nok for mange av deim. Men nei takk; alder ein kjeft meldte seg. Du fær taka deg ein snøggtur upp i Hedalen au du og gjeva deim rein uppslo, og segja deim med greide ord, kvat eg meinar. Det kunde nok snart slengja til. Det er nok eit arbeid, som er umaken vært, når ein berre fær nokon til å krøkja seg fast. Ungdomen heime skulde for det fyrste endeleg purrast ut, og dertil skuld dei gjenne vera eit held høgst tvau år i Danmark, for danskarne er sonær stivast i den sida som heime ligg reint brakk.

Jau ein kjeft har meldt seg likavel. For ei tid sidan fekk eg brev frå Raghhild (betyder Ragnhild) Østmo um at ho gjenne vil koma hit ned til hausta um ho fekk ein god plass. Å, jau eg lyt nok hjelpa til eg da måta.

– Det går skjit dette, kan eg merkja. Alt saman er berre “fyremæling”. Eg kjem ikkje so langt, eg fær svara på noko av brevom dine, som eg tenkte meg reint vist til; men so lyt du få eit par folioark i påskhelgi. Eg har no alder set maken. Eg hadde utrulegt upplag då eg byrjad å skriva, men neigu um eg har røyvt dusti av det.

Helsing åt deg og brørom frå

Kristian

Du skriv vel snart att?

Eg blir sjølvhendt som ein gamal smed!

Fotnoter

  1. Lars Oftedal med avisa Vestlandsposten, grunnlagd i 1878.
  2. Karl Jørgensen.
  3. Ole Jensen.
  4. Johannes Bragstad.