Kjeldearkiv:1887-10-20 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-10-20 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 20.10.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 32
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 20. 10. 87.

Kjære ven!

Å du himmelske Jupiter, kor eg har venta på brev frå deg! Men så kom dæ da endeleg idag og dæ eit så langt au, at eg kan ikkje svara deg “et til tusinde”. Ja, forlangt var dæ ikkje, var dæ seg likt, – ikkje å læsa, da, men reint forlangt å svara på, dersom du har vore så toskot, at du har meint, at du skulde få att svar etter sama længden.

Og så lyt eg stela ein time frå “I gamle-dagar” te å sveise ihop nogo hark å sende avsta mæ fyrste post. Å stela, ja – for eg har dæ strævsamt mæ boken no, men før eg skriv meir um den greia, lyt eg bea deg læggje væl mærkje te, at ho heiter ikkje “frå gamle dagar” længer men “i gamle-dagar”, såleis, som alle gamle kjeringo, som ikkje ha fått utskjemt målsansen sin av læsna og gramatik og slikt verdslegt væsen, sejer. Ho har heitt så sia sist i september da eg skreiv på titelblae.

No har eg da endeleg for ei ti sia fåt ferug kladden og har alt reinskrive 90 sior – eg har skrive fortale på seks sior, Edvard Storm, Knutsson, Nyborgskarane, Kleppebrørane, Stor-Herringstaden, Per Horgje, Jakup Haugen. Men boka bli større enn eg har trutt, eg har att mindst 2/3 enno; eg har tænkt, eg skulde slite frå meg dæ heile på eit fjorten-dagar, men eg veit ikkje ka dæ fer gå mæ di. Au, dæ er [...] te slit å vera “literat” au! Ender å gong er eg gla og bli upkveikt mæa eg held på mæ di, som likast, og tykjer, at arbeie mit skal bli utrulegt forvitnelegt for målmænnan, og, kanhende, få lite værdaga au som eit avrids av i gamle-dagar, ikkje reint burtkastande.

Men så kan dæ vera stunder att, da eg tykkjer, at dæ heile er nogo elendugt lapperi, låkt fortalt, dumt, kjeidsamt – stunder, da den gjivnaden eg har trutt eg har havt te å fortelja på Vågemål, tykjes meg å vera den tomaste av alle innbilningor. Å gud veit, korleis dæ er med den givnaen au – dæ var ei ti eg har bra tru sjøl, no er eg vorte meir og meir vantruandes her au. At eg er for tom i målkunna, dæ er no eingong vist, dæ har eg fåt kjent meir enn eingong sia ihaust og dæ vil truleg boka koma te å bera mange mærkjer på. Og for tom i historisk kunskap – ja kunskapen kunde dæ vore dæ sama um, når eg berre ha havt ei gjild boksamling i nerhandom. For dæ er så ofte småe historiske uplysningor vøre umissande for meg. No såg eg berre igjårkvell eg skreiv um han Jakup Haugen, husmand under Tolstad i 1742 og derumkr; mannen på Tolstad dengongen var “bondelensmand”. I ein mærkna slep eg der te å fortelja, at Tolstad i midelalderen skreivs Tolvtestad o. s. v. og at bestefar åt desse lensmanna var den “bondekaptein” som i 1658 “med berømmelse” komanderte eit av dei kompagniom frå Gudbrandsdalen, som var mæ og tok att Trondheims len frå Svenska. Slike merknader har eg tak te å gjera mange av, men dæ eg veit um dei historiske telburder er berre den nakne beingrinda. Gud gje Øverlands Norigs histori har vore heilt utkome! I vår har eg utlånt av riksboksamlingen 7 bind av diplomatarium norvegikum, dæ kosta meg fleire kronor, men eg tregar ikkje på dæ no, berre for di skuld, at eg fek greie på, korleis dei skreiv ein heil haug garnamn her i bygden i gamle dagar. Og fleire forvitnelege småuplysningor um ti og umstøor fann eg der. Men eg fær ikkje gå djupar inn på dette no i ein gong. Kor vidt eg kjem te, å sende Garborg manuskripte te gjenomlæsing eller ikkje, veit eg ikkje vist. Alt eg enno har gjort for å “introdusere” meg hjå forlæggjarom er, at eg har skrive åt professor Seippel, – mæstyrar for “det norske samlag” – gjivt mæ ei av Vågeblo[1] og ein varm ven av Vågemåle, realist i målvegen – og spurt han teråds, um korvidt han vilde rå meg te, å bjo boka mi åt det norske samlag eller å freiste ein annan forlæggjar. Eg fortalde honom da i kortheit lite um innholde og korleis eg ha gått fram i skrivingen av Vågemåle, ba teslut um å få sende honom boka te gjenomlæsing. Enno har eg ikkje fått svar frå honom – skulde han berre ikkje ståke [...] i utlandom einkvarstaden. Fær eg ikkje snart brev lyt eg piste på I. Mortenson um “gode og kristelege råd”. Ja, du fær ikkje ottast altformykje av meg mæ desse forlæggjar-greiom; eg har etla meg på ein “skuffelse”; eg er vorte så vant ve svikne voner no, på alle leier, at eg har slutta reint å gjort up reiknestykkjer føreåt, for alle slike reikningor, eg har gjort up, har stødt fått dæ utfalle, dei fer reikningor utan vert. Og så let vi “i gamle dagar” fara.

Gudskjelov for, at dei persa skrotten din dugelegt der sy Tysklands-stuguen! dæ ha du godt av både innvendes og utvendes. Eg ser dæ allereio på breve ditt, at du har mona deg, dæ held på å går for seg eit gjenombrot mæ deg. Du har fått hol på eggjeskvale “og meire mann du i morgen står”. Gud velsigne Nis Nissen og hans slægt!

Men så hels da [...] på den krulltoppa frå Myklebø, kjeringsystera åt Knudson! Og sjå væl på ho, din tosk! Liknar ho syster sine er ho ei framifrå gjild jente mæ hjertelag og vilje, vet og tankje, frisinna, realistisk og – rik. Og vakker! nei dæ gule, klurotte håre du! Stramme deg up og far åt som folk når du treffer ei frå Gudbrandsdala i utlandom, din laban! Men du er eit misfoster i kvinnfolkvegen, du og. I førre veka fek eg eit brev frå Herborg Utne og ho be meg å skrubbe deg, som hermed skjêr. Elles drygde ho umlag eit halvt år sjøl, før ho svara meg. Men du levende malebarius, for nyheiter ho fortalde frå Seljor – ho ha vore der att i somar – ! Lindstøl og gamlaste Anne Klomset: givte! Zela! Aslak Groven og Kjersti Øverland: forlova! Kyri eleison! Ho ha sêt og tala ve Tor Vå og kjærasten hans ei staut og “snål” jente[2] – å Gud veit ka dæ er alt ho rører um.

Frå Seljord har eg havt eit par brev frå Botnen i somar og eit par frå Kari Stokstad. Ho illtreivst stygt i lorten og griseriet på den ægte telemarks-“staulen” deres i fyrstningen. Sist ho skreiv viste ho ikkje antel ho kom heim att eller ho skulde gjeva seg te på skulen. Men eg skreiv no att, ser du på hoggande flek og ba ho både for Guds skuld og hennar eigje skuld og sia for alle menneskes skuld og gjeva seg te på skulen ivinter – skreiv åt Botnen i augeblek og ba han læggje seg i selen alt reimtye heldt for å få ho Kari te å gjeva seg te, ba han hjelpe henna mæ å leigje seg hus, så dei ikkje fek narre ho up i dufta, dessa Seljors-skjelmarne – masa mæ syster henna[3] på berre live for å få ho te, å telja ho Kari te å gjeva seg te og at dei skulde gå inn på å sende henna mat frå heime. Eg har ikkje høyrt, at ho er heimattkomen enno, og da har eg den beste von um, at ho bli på skula i vinter. Og så kan eg kanskje ha fått gjort ein go gjerning i mit liv, eg au.

Heruppe kom snjogen og kalden og tælen ei veke føre vinterdaga; så tina dæ upp att i førdags og igjår, men idag! å, for eit svinvær. Den 11, 12 og 13 var dæ auktion på Kruke og folk gjek der um dagarne og kopte, drak “sød vin” um nêten, dansa i båe stugur så lorten båra. Eg var ikkje der – sat heime og reinskreiv heile tia. Såvidt eg veit er alt ve dæ gamle i Heddalen au.

Så, du tykjer eg skulde ikkje tænkje på Amerika; å, nei huga er eg ikkje, men dæ er umlag dæ einaste å gripe te lel, når alle tak glett her; ein kan nok harke seg igjenom her au og kanhende enda betre i Danmark, men dæ bli no berre tufs. At dæ evige jage etter gull i Amerika kan vera kvævande for ånds- og tankelive, dæ er greit, men dæ er no ikkje verre dæ, enn å gå her å tærast up av hugsot og krupe ihop stubb for stubb. Kan eg finne på nogo her, så reiser eg fulla ikkje, men dæ er ikkje beinkjørt å koma fram i nogon ting, dæ er tjuge svoltne hunde um mindste beine, som bli utkasta no. Nyleg var dæ laus ein overvoktarpost ve Egs sindssygeasyl, Kristianssand, 800 kr. og alt frit. Den søkte eg, fek meg attester frå S. Blekastad og doktoren. Posten skal overtakas 1ste desember, men, at eg skulde få den, har eg alder tænkt; dæ laut isåfall vera ein underleg træf.

Ka eg kjem te å drive på iventer, som mest, veit eg enno ikkje; dæ er von te, at dæ bli mykje bokbinding, tænkjer eg. Fynge eg avhenda detta grumme “verke” mit såleis, at dæ vøre nogor gjær på di og eg såg, at dæ vøre mestsom eit skarve råk å gå etter for meg mæ mine “literære” klauver au, så kunde dæ gjenne hende, at eg smurde åt mæ eit verk te. Eg har nogo i tankom, um dæ skulde koma te å bli sporlag um dæ. Ja eg har vist nemnt di før, tænkjer eg. Kveldskule kjem eg vist ikkje te å halde ivinter; den vise skulekommisjonen på Våge søkte ikkje um teskot for iår fordi dei heldt kveldskulen for, å vera ei fånyttug utgjivt. No skulde eg nok få elevar ivinter au, når eg vilde halde fri kveldskule, og dæ skulde eg meir enn gjenne gjort, men eg er så molaus og huglaus og burtgjeven, at dæ kom te å vante alt liv i skula. Ser eg, at dæ ljosnar på nogon kant, såvidt eg kunde få ei strime mæ ber himmel å glytte up imot, så læg eg fulla åt att i vinter au.

Og så lyt du nøgje deg mæ desse i eingong, slikt dæ er; vi fer no bea Gud fri os for å drye sålængje mæ å skrive heretter, som vi gjorde desse tvæ siste vendurne!

Så skal eg helse frå brørom mine, dei er heime og fær mæ avlsbruk ivinter au; truleg bærs dæ på kvar si lei mæ dei tevårs. Helsing frå mor!

Ja, lev væl da!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Ragnhild Marie Nielsen. Ho var fødd i Austre Gausdal, der faren var lensmann, men begge foreldra var frå Vågå.
  2. Marie Roholt.
  3. Anne Stokstad.