Kjeldearkiv:1887-11-29 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-11-29 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 29.11.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 34
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 29. 11. 87.

Kjære danskje!

Eg ha tænkt å hulde kviledag idag, sundagen[1], lese blai, Drakmanns: på sømands tro og love[2] og slikt, for eg har ikkje tier te slikt di yrke dagarne, eg, skal eg tru. Men så kom detta lange breve dit og nidtigg um svar og så lyt eg vanhellige kviledagen for dine skuld, au. Men kort skal dæ bli, dæ sejer eg deg førreåt, ein lyt sjå lite på helsa au, måveta; igjår sat eg i ein krok og skreiv tes langt på kveld og såleis har eg hulde på no i snart 6 vikur.

Ja dæ har vore stridt å vore eg no, ei ti – denne “boka”, ser du! Men igjår kom eg da endeleg så langt, at eg senda 230 sior mæ posta inn åt bystugun, og no, sist i desse vikun, går di siste 140 siune. Ho skulde gått al igjår har eg ikkje vorte burthefta al førr-veka; men dei tok meg att te “ligningsmand” iår au, ser du, og så laut eg sitja i 4 jamdøger nori Moom og “ligne”. Sist eg skreiv fortalde eg vist, at eg for ei go stunn sia ha skrivet åt prof. Seippel; men dæ drygdest sålængje før eg fekk att nogo svar frå honom, at eg trudde, at han antel var avreist, eller ikkje ha brydt seg meir um breve mit. Og så flaug eg på og skreiv åt honom Iva Mortenson au, på vona. No har eg fått svar frå Seippel, men frå Mortenson har eg ikkje høyrt nogo enda. Seippel gav meg eit godt svar, han sa, at han “vart heiltupp fegjen da han fekk høyre at dei snart skulde få sjå ei bok på reint Vågemål – – – me Austmenner hev vore reint forlite mæ i målsaken, dæ er på tie mi tek te å røyva på oss – te nøvare dykk kan følgje Vågemåle te bere – – – send inn segnin dykkar så fort dykk fær dei ferige, så skal eg gjera meg fyr å freiste å få dei prenta på slike vilkår, at dykk skal vera væl farne antel samlagje kjem te kjøpe dei, eller ein bokhandlar. – – – Eg glear meg te å sjå boki dykkar – – –”. Ja så sa han på sitt mål, ei slags austlandsk dialekt. Enn eg, som skreiv åt honom på go departements-dansk! Jagu fekk eg der eit godt nakkedrev fordi, eg ikkje alle tier er tru imot målsaken i “det små”! Men så kan du veta, at, etter eg ha fått “følt professoren på tænderne”, så tok eg meg att – igjår fekk han ei lekse på Vågemål: skål, da! sa eg, og så klinka vi.

Du kan veta, at eg er nogo nervøs no. For dæ skal avgjerast eit spørsmål, som har nogo å segja for meg, no, skjønar du. Dæ spørsmåle: har målsaka bruk for meg? Skal Austlenningen få rum? Bli dæ sagt ja på dæ og på slike vilkår, at dæ er bjoande te, så kjem eg att oftar – da kjem eg mæ “avrits” av “bygdaoriginalom” mine, bygdakonstnare og slikt. For eg trur, at dæ, som no tener målsaken best er, umframt goe, lette skulebøker, slik morosamd smålesna. Dæ er sumt, som gjev meg von og sumt, som slær ho ne; den leia, som eg høyrer te i målvega går fort fram-te i siste tiom, – sjå dæ siste stykkje i “Fedrah.”[3]. Men så vantar dæ meg formykje på målkunna og dæ vil dei nok bli var, derinne. Dæ fær no våge seg dette, no. Når dæ lid over jul kan eg no fulla trast vente å få veta utfalle og tes fær eg halde ve håpe, som katta ve skåpe.

“Av hjertets overflødighed taler munden”[4] og eg kan tenkje meg, at du er longe lei dette um “mit verk”, no. Eg kunde nok av brevê dine havt to å tekje av te, å svara på au, men du veit, at dæ handverke ein driv, dæ sett merkje på mannen ofte, både i tankje og tale. Dæ skal no vera di småe sjæler, dæ, da, og eg er nok heller ikkje stor; eg har fare som di ukshandlarne, Vinje talar um, eg har vorte breiar millom augom[5] . Og så går eg forbi dæ meste i breve dine. Ja um Bjørnsons truesvekjening skulde dæ vore bra å fått høyrt meir, etterdi ho ha gjort slikt eit inntryk på deg. No kjem han heim att i rett ti åt valgom, den karen, og dæ trengst. For jagu er dei på go veg te å bli bakstrævare mykje av garbrukarom, no! Up i Heiddala er dei nogo [...] brannde, som vøre verd te, at [...] tok å rista i, der ha dei no på tingje gått sta og valt hr. J. Nielsen te formann i bygdastyre – den forbanna møka! Og “Oftedølerne” dei har såmykje rare agn ute: kristendomen, bondesmeik, sparsamdheit, uplysna og gud veit kva dæ er alt; men meinar nogo mæ di gjerer dei ikkje, di hundane. Fedje han har funne di “vises sten” han, som han held fram i Framgang (Husmanden) Husmanden (Framgang): “smør dig i ansigtet med jord, læs fadervor og tro og håb!” Jau dæ er på tien, at han kjem att og knêfer halmesekkjerne, piska sauskinnpelsen av gråbeinom og ser etter i somom på blåtrøyom. Her skal bli dans – eg tenkjer han Matias uti Gausdal bli slak i ekslom! Nei “Fedraheimen” er vorte grei gut, han! Let os freiste å beinke honom, du, alt os kan! Gud velsigne han!

Ja mæ skula åt Ullmann bli dæ nok berre tufs! Kari Stokstad kom att for 14 dagar sia og da ho reiste var dei berre 6 elevar. Men kvar Ullmann gjerer beste nytten, antel dæ er på skula eller ute i di store bårom, som brytst i samfunde, veit eg ikkje. Dæ er trulegt, at han kjem attende åt skula sine, når næste valg har vore – kan hende han ein vakker dag enda inne i stiftsgara, au! Så har du treft att skrivaren au! No han treivst ikkje der, held; å nei, men dæ er sannt, at Ullmann duer ikkje, te å velja seg lærare åt skula sine.

1. november [desember]. Idag går posten og så skulde dæ etter retta ha vore ein “rigtig” avslutning på desse breve, au. Men eg har ikkje anna å fortelja, en den store hendinga, at samstundes, som eg sendar dette, sendar eg au resten av “boken” mine! Eg har arbeidt som eit beist di siste tri jamdøgra for å få ho ferug. No er da dæ avstått for dæ fyrste. Så bli dæ å gå i ei grov spenning for å få veta kva dei så tykjer, di “sjau vise” derinne; eg dinglar millom von og otte. Kanskje, når du fær næste breve mit kan eg ha eitkvart å fortelja deg.

Gløym så ikkje di breve innve julleite, som du lova. Og så ei varm helsing frå alle i min “ståve”.

Din

Ivar.

20º ÷ R!! være;

0º – hjerta.

Fotnoter

  1. Søndagen fall på 27. november, ikkje 29. som brevet har.
  2. Forteljingane Paa Sømands Tro og Love (1878, 2. utgåve 1886) av Holger Drachmann.
  3. Kleiven siktar til den redaksjonelle artikkelen «Kvi drygjer dei med Skulebøkerne paa Norsk?» i Fedraheimen 19. november 1887. Artikkelen argumenterer for at det nynorske skriftmålet må bli mindre arkaisk og formast meir etter talemålet, og det blir vist til at fleire leiande målmenn i det siste har valt ei norm som òg tek opp austlandske trekk.
  4. Matt. 12,34.
  5. Frå ein tale Vinje heldt på hestemarknaden på Stav i Øyer 29.–30. august 1859, først trykt i Blandkorn (1867), seinare opptrykt fleire gonger i Vinjes skrifter.