Kjeldearkiv:1888-01-23 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1888-01-23 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 23.1.1888
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 38
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 23/1. 88.

Kjære Kristian!

“Gjeva utur seg ein go sø”– ! ja dæ var så dæ, men dæ bli no ikkje eg, som kan dæ, kven meir dæ bli. Her går eg labbar og labbar og kjem korkje att eller fram, bryt meg te å tråkjile mæ bokbindingen, kjenner, at framtidssorga tærer burt meir og meir av meg innvortes, ser, at alt dreg seg meir og meir ihop te ein “gordisk” knut som eg alder bli Aleksander te å hogge over – svikne voner, tome draumar på alle leier! No i augeblinken held eg på å skal bli hengd for peningløyse, eg kjenner alt hampetoge kor dæ snarp under kverka, og under slike umstøor er dæ, eg skal gjeva utur meg ein go sø! Nei dæ er eg nok lovlegt undskyldt for, kar!

Ha eg enda havt nogo å skrive um! Um “pavens og tyrkens mord”[1], um ein kalv mæ 2 hugu, ei seigliva høne, eller eitkvart slikt, som Almuevennen livde så feitt på i gamle dagar og som blae enno by læsarom sine vonoms meir av. Men ikkje eingong nogo slikt “syn” har eg å bjo. Den grove tøyren mæ 8º varme vi ha i førr-veka, og som tok mesta føre her nora-Skogen og gjorde dæ mest ubergelegt for meg å gå åt Lalmsbruen i tresolsko når eg skal sta å kjøpe meg tobak? No, du skjit i den; ja eg kunde mest tru dæ. Men da veit eg heller ikkje kva eg skal finne på, for du skal veta, at dæ er så stillt og sture her uppe no, at dæ hendar ikkje nogo meir, ja undatekje, at ein og annan tvangs- og konkursauktion bli halde så umlag 6te kvar dag, da. Ein ting kan eg da fortelja deg som er så burtimot nyt: “mændene i Kristians amt”, Bruun, Skard og Jørstad ha nyleg fare uppover dalen her og halde politiske folkemøte for å kverva stridsmenn for den “gode sag”. Dei har da av all sin dug skremt mæ europeerom og fritenkjarom, åtvara mot å utvie stemmeretten, forsvara regjeringa og tala smeikjande um sparsemd i “statshusholdningen”. Skar[d] rei no fælt morsk, han, på di øyka eg nemde sist, han skulde fulla vore inni tingje, er von, skjitskova. Men sjøl um dæ var go agn dei hengde ut, karane, så trur eg knapt dei fekk såmykje, at dei fekk i gryta fyrste gongen. Dæ kunde da vera på Lesja og Dovre, kanhenda, at dæ beit einkvar sjukfisken; dei har no såmange hengjerumpor dernor, av desse, som trur at [...] er den som har den utøvande myndugheit i livet. Men på Sell, Våge og Lom møtte dei motbør; Dahl såg etter i saumom deres på Våge og på Lom vart dei imotsagde av sine eigne disiple. Halvard Offigsbø, som er eit fælt “mangelfuldt” utdrag av Bruun sa, at han kunde ikkje gjeva seg mæ Oftedølom for di, dei ha gjort tvæ store dumheite: kjørkjesaka og Kjellandssaka. På utover-reisa ha dei møte på Sel og da slost Blekastaden duglegt ve dei. Dei kan ikkje rose seg mykje av reisa, kaninane. Trast før dei kom hitupp var dei, alle tri, på eit møte på Hamar og skulde verja regjeringa, men der fekk dei no berre “forhånelse”. Konov, Vullum og Arvesen bysta dei så folk log over all talskiva. No laurdag held Kristians-amts vingstreforeining møte på Gjøvik og dit er både Blekastad og Dahl og di andre tingmenn i amte inbodne. Truleg skal både Bruun og Skard au vera mæ for å lata ljose sitt skjine og da kan du lite på, dei fær kvosta trøya. Og dæ har dei fortent, dei bakstrævarane. Nei jorbotten er ikkje “bekvem” for kaninpolitik her i dalom; men når dei freistar å få upp sjølgoheita, eigjennytten og klassedumheita åt garbrukarom, ve å skreme mæ stemmeretta og ve å fara våse um at dæ er bøndane som skal ta styre her i lande – da er dei nok farlege, kaninane. For bøndane er nogo [...] brande mæ di, at dei vil ikkje gjera rett og skjel imot arbeiarklassun. Men likevæl trur eg ikkje Oftedølane vinn ve næste tingvalg åt hausta ve desse midlom. Skulde dei vinne, så vørte dæ for di skuld, at denne tronge tia har gjort folk så sljoe og likesæle um all ting, at dei let vera å møte upp ve valga. At kaninane strevar og grev seg gange er ikkje å tvile på og folke går så burtgjevne og koltne, at dei ensar ingen ting meir.

Ser du dæ du, Mons, der fekk eg måla eit par sior mæ berre politikk, eg! Ha dæ enda vilja lagst te einkvart åt eit par te!

Ifjor vinter veit du eg heldt kveldskule og ha mest som eit åndelegt “asyl” der syd i Nerlien; ivinter har eg ingen skule men så har vi eit og anna møte i samtalelagje og orskivtas um eit og anna; sist tala vi um borgerlegt gjivtarmål og ålmenn stemmeret og båe di emnerne heldt vi på skulde ha framgong, alle samen. Så møtes vi um laurdagskveldane sume gonger og syng tvistemt, leik os og fær os ein kopp kaffe. Reint daue ser du såleis, at vi ikkje er enno og meir og huglegare liv kunde dæ vera når ikkje eg gjekk så reint halvdau, som eg gjerer. Men eg er ikkje kar for å leggje krefterne mine i nogo slikt, ja dæ vil segja, eg er ikkje kar te, å sanke ihop att såmykje hug og tankje, at eg kan få stappa pipa fyrste gongen. Avisa vor, Otdølen, som du ifjor var mæarbeiar i! tok no ve nytår te mæ 5te årgangen, men ho liknar Døla åt Vinje mæ di, at ho kjem ikkje ut mæ like-mange numer kvart år. Ifjor kom dæ berre 3 numer men iår ser dæ ut te å skal gå betre. Kan dæ ikkje gå an, at du eingong kjem mæ eitkvart, sama kva dæ er, antel dæ er flirandes eller alvorlegt; vi tek imot mæ tak kva vi fær når dæ berre ikkje ligg forhøgt.

Um boka mi har eg ikkje dæ slag å melle idag held, for eg har ikkje høyrt eit or frå Seippel enno, enda dæ er innpå tvo månar sia eg senda honom boka. Eg har venta så innverkjelegt på svar di siste 14 dagarne, at dæ er grovt; du kan veta dæ er ikkje småting dæ gjeld um for meg mæ desse boken. Er dæ ikkje rum for meg mæ mine spongjer imillom målstrævarom, så glett dæ no ei av di kjæraste vonom mine att – ; fær eg dæ svare: fingeren av fate, slarven din! ja, så tek eg dæ ikkje reint lett. – Men eg veit ikkje kva dæ kan hengje etter; ha Seippel funne, at boka var ubrukeleg, så måtte han sagt meg dæ trast, for eg ba han um, å peike på di veilor han kunde finne og som han trudde vilde vera te beint fram skade. Kan hende han ligg og prutar mæ ein forlæggjar og, er dæ tefelle, er dæ greidt, at han au skal lesa boka og så tek dæ ti av. Eg lyt drye eit par postgange enno førr eg lyer etter korleis dæ står mæ boken; men fær eg ikkje svar tes den tia er ute, så lyt eg sende inn ei “fråge”.

Frå Seljor fekk eg ein liten stubb hjå honom Nils Botnen. Han fortel at dæ har gåt smått mæ skulen ivinter; føre jul ha dei berre 10 (tie) elever, etter meinte dei å få 15, 16. Arktander er ein svært gjill kar, segjer han. Te somars etla dei seg te å få eit trykkjeri i Seljor og gjeva ut eit bla – han bau seg te, å hjelpe te å prente sagna mine. Ellest ha han ingor nyheit å bjo.

Så, du har tekje te mæ å fjuska meg i handverke au! Ja lykke te! Slå deg berre på sløyden du; eingong kunde du snart bli garbrukar på ein skarve gar her upp i dala, og da lyt ein ha handlag te nogo av kvart! For dæ som skal reise upp att folk her no er, at dei hengjer upp alle kremarane og liver av dæ dei avlar sjølve og arbeier sjølve dæ meste dei har bruk for. Berre slå deg på sløyd!

Men no lyt dette vera ein bra sø og du fær vera fornøgd mæ desse. Når du fær den næste er ikkje godt å vita, dæ bli no ikkje førr eg har høyrt korleis dæ går mæ boken mine dæ, kan du lite på. Og så ei framifrå helsing frå alle heime og meg sjøl.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Frå ein Luther-salme, tidleg omsett til dansk.